NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-Øvu

Saksmappe:          06/00228-2

Sakshandsamar:   Torill Monstad

Dato:                      19.04.2006

 

Møtebok

                                  

 

Søknad om støtte frå næringsfondet - Øvre Valldal Utvikling BA  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

032/06

Formannskapet

24.04.06

 

Utsendte saksdokument:

Kopi av søknaden


 

Rådmannen si innstilling:

Øvre Valldal Utvikling får eit tilskot på kr 70.000 til ulike aktivitetar og planleggingstiltak jamfør søknad, men ein ynskjer ikkje å støtte lønn til sekretær og styre.

 

-----------------------------------------------------


 


Handsaming i Formannskapet  24.04.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 


Vedtak i  Formannskapet - 24.04.06:

Øvre Valldal Utvikling får eit tilskot på kr 70.000 til ulike aktivitetar og planleggingstiltak jamfør søknad, men ein ynskjer ikkje å støtte lønn til sekretær og styre.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

Namn på bedrifta: Øvre Valldal Utvikling BA ”Next Generation”

Eigar: Grunneigarar i Øvre Valldal der 20 av 25 huslydar er med i selskapet.

Etablert: Brønnøysundregisteret viser at selskapet er stifta 05.02.2006, som eit selskap med begrensa ansvar.

Bransje: Dette er eit næringslag som botnar i eit grendalag. Det skal vere eit forum for å utvikle næringspotensialet, knytt spesielt til reiseliv, i Øvre Valldal.

Tilsette: Ingen tilsette.

Tidlegare tildelingar: I 2005 fekk ”forprosjekt Guldbrandsjuvet” ei støtte på kr 40.000. Prosjektet vart gjennomført av Nasjonal Turistvei, som delte på kostnaden ved forprosjektet. Forprosjektet var ikkje i regi av verken grendelaget eller utviklingsselskapet. Resultatet av dette forprosjektet er noko som Øvre Valldal Utvikling no byggjer vidare på.

Søkt om: Det vert søkt om midlar til mange ulike aktivitetar. Totalkostnad er sett til

kr 360.000 pr år. Bedrifta søkjer næringsfondet om kr 80.000.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Det som skjer av kreativitet og engasjement i dette området er svært positivt. Jamfør retningslinjene skal ein prioritere omstilling, ekspansjon og nyskaping. Rådmannen vurderar det slik at denne søknaden passar inn i desse prioriteringane, og ynskjer å vere med og støtte denne satsinga. Bedrifta har søkt fylket om tilskot innan bygdemobiliseringsprogrammet, og har fått positive signal, men det er enno ikkje avgjort kva støtte dei eventuelt får.

Det er ikkje aktuelt å støtte lønn til ein sekretær. Men ein kan vere med og støtte ulike aktivitetar og planleggingstiltak. Rådmannen innstiller på at Øvre Valldal Utvikling får eit tilskot på kr 70.000 til ulike aktivitetar og planleggingstiltak jamfør søknad, men ein ynskjer ikkje å støtte lønn til sekretær og styre.

Stig Holmstrøm

 

rådmann