|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-nat
Saksmappe: 05/00077-3
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet - Valldal Naturopplevingar og
Utval |
Møtedato |
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Valldal Naturopplevingar og Steep DA får eit tilskot på kr 20.000 til marknadsføring og kurs knytt til si satsing på havkajakk på Norddalsfjorden.
Valldal Naturopplevingar og Steep DA får eit tilskot på kr 20.000 til marknadsføring og kurs knytt til si satsing på havkajakk på Norddalsfjorden.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Bedriftene Valldal Naturopplevingar og Steep DA. Steep DA er firmanamnet som bedrifta er registrert med i Brønnøysund, men Bratt.no er navnet på butikken og som dei markedsførar seg med. Butikken har òg heitt Brattlende.
Eigar: Valldal Naturopplevingar: Nils Jarle Hjelme og Stein Inge Rem
Steep DA: Marius og Kristoffer Erstad.
Etablert: Valldal Naturopplevingar: 01.04.1995 som eit ansvarleg selskap.
Steep DA: 30.06.2003 som eit selskap med delt ansvar.
Bransje: Valldal Naturopplevingar: Aktivitetar knytt til lokale naturopplevingar.
Steep DA: Sportsutstyrsbransjen, formidla via internettbutikk og fysisk butikk på kaia på sommarstid og på Valldal.
Tilsette: Valldal Naturopplevingar: Det er fire fast tilsette i sommarsesongen, samt at eigarane arbeidar i bedrifta. I tillegg har dei fem andre som arbeidar for dei innimellom.
Steep DA: Eigarane jobbar sjølv i bedrifta, elles ingen.
Tidlegare tildelingar: Valldal Naturopplevingar: Fekk i 1996
eit tilskot på kr 56.500 og eit lån på kr 10.000. I 2005 fekk bedrifta eit
tilskot på kr 50.000 til kartlegging og vidareutvikling av nye tiltak. Denne
siste bevilgninga er ikkje utbetalt enno.
Steep DA: I 2004 fekk Steep DA kr 25.000 i tilskot til
investering/marknadsføring. Desse midla er utbetalt.
Søkt om:
Ynskjer å gå i lag om å vidareutvikle tilbodet med aktivitetar i nærområdet, med å ta i bruk fjorden. Dei ynskjer å drive med utleige og guide turar med havkajakkar på Norddalsfjorden.
Dei to selskapa ser tiltaket og investeringa som for stor for den enkelte bedrift, og har difor gått saman om å dele utgiftene og inntektene i dette tiltaket. Valldal Naturopplevingar vil truleg ha ansvaret for utleige og drifta, men den praktiske sida er enno ikkje heilt avgjort.
Total kostnad er kr 159.685, og dei har ikkje spesifisert søknadsbeløpet sitt til anna enn total kostnaden.
Det er fleire som tilbyr kajakk utleige i Norddalsfjorden. Storås Handel v/John Kåre Storås leiger ut 10 kajakkar. Her er det fem personar som har gått ilag og kjøpt kvar sine to kajakkar. Dei tilbyr ikkje guiding på same måte som søkjar ynskjer å tilby, det er meir meint som eit supplement til dei tilbod som er i området. Når ein vurderar næringsfondsøknader, må ein vurdere om å støtte tiltaket vil ha negativ effekt for eventuelle konkurrentar. Storås sjølv vurderar ikkje tiltaket frå søkjar å vere negativt for deira tiltak, sjølv om ein nyttar same fjorden. Rådmannen ser det som svært positivt at fjorden vert sett på som ein ressurs og nytta i næringssamanheng. I blant anna arbeidet med ny kommuneplan snakkar ein mykje om å satse på Norddal kommune sine naturlege fordelar; den storslåtte og vakre naturen vi har. Rådmannen meiner at ein bør støtte tiltak som utvidar spekteret av tilbod knytt til natur og oppleving, og set fokus på kommunen sine naturlege fortrinn. Rådmannen innstiller på at søkjar får eit tilskot på kr 20.000 til marknadsføring og kurs knytt til si satsing på havkajakk på Norddalsfjorden. Med omsyn til kurs meinast det ikkje intern fakturering mellom samarbeidspartane.
Stig Holmstrøm |
|
rådmann |
|
|
|
|
|