|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-Myr
Saksmappe: 06/00229-2
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet- Geir Arne Myren
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Geir Arne Myren får eit tilskot på kr 20.000 i etablerarstøtte til kompetansehevande tiltak, knytta til kursavgifter til Norsvinskulen.
Geir Arne Myren får eit tilskot på kr 20.000 i etablerarstøtte til kompetansehevande tiltak, knytta til kursavgifter til Norsvinskulen.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Geir Arne Myren
Eigar: Geir Arne Myren. Enkeltpersonforetak
Etablert: Tok over drifta 01.01.05.
Bransje: Tradisjonelt landbruk, svin.
Tilsette: Eigar jobbar sjølv i bedrifta.
Tidlegare tildelingar: Har fått støtte hjå Innovasjon Noreg ved generasjonsskifte, men ikkje noko frå næringsfondet.
Søkt om:
Har søkt om støtte til to ulike tiltak:
1. Kr 200.000. til resterande finansiering av nytt grisehus, då dei fekk kr 400.000 i støtte hjå Innovasjon Noreg og ikkje kr 600.000 som var maksimal sats.
2. Kr 199.700 til ulike kompetansehevande tiltak som til dømes norsvinskulen.
Jamfør første del av søknaden: Innovasjon Noreg sine satsar er ingen garanti for at ein får full pott, og det står tydeleg i retningslinjene deira at ein kan få inntil ein viss sum og prosentsats. Det er ingen tradisjon i næringsfondet å gje støtte til investeringar i tradisjonelt landbruk, men har bidrege med mykje støtte til ulike tilleggsnæringar knytt til landbruket.
Vanlegvis har slike investeringar innan tradisjonelt landbruk fått støtte hjå Innovasjon Noreg, slik òg Myren har fått. Rådmannen ynskjer ikkje å nytte næringsfondet til denne type investeringsstøtte, og innstiller på avslag til denne delen av søknaden.
Jamfør andre del av søknaden: Kompetansehevande tiltak innan tradisjonelt landbruk.
Søkjar har tatt over garden, og har satsa stort på gris og er med i ein purkering. Dette er ei frisk satsing på tradisjonelt landbruk. Satsinga kan reknast å vere både ei omstilling og ekspansjon, noko som er prioriterte tiltak i næringsfondet. Dette er ein person som har vald å ta over familiegarden, og er ein etablerar på lik linje med andre etablerarar. Ein har etter kvart utvikla ein tradisjon med å gje støtte til nyetablerarar i kommunen, som ein motivasjon og som ei synliggjering av at kommunen ser positivt på etableringa og ikkje minst etableraren. Det er òg eit ynskje å etablere gode relasjonar og kommunikasjon med næringsaktørane i kommunen, spesielt nye næringsaktørar. Rådmannen ynskjer å gje tilskot til å dekkje direkte kostnader knytt til kompetanseheving, det vil seie kursavgiftene ved Norsvinskulen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|