|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-TBÅ
Saksmappe: 04/00907-5
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad til næringsfondet -
Båthamn Camping Tafjord
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Handsaming i Formannskapet 24.04.06:
Magne Almstad, Frp kom med forslag om å gi tilskot på kr. 25.000,-.
Røysting:
1 røysta for Almstad sitt forslag som fall
5 røysta for innstillinga.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Båthamn Camping Tafjord.
Eigar: Albert van der Meule.
Etablert: Bedrifta vart registrert 06.11.04 som eit enkeltpersonforetak.
Bransje: Dei driv campingplass, båthamn og kafeteria i Tafjord. I 2005 nytta dei toaletta og dusjane ved Tafjord Friluftsbad, mot at dei sørga for reinhaldet.
Tilsette: Familien van der Meule arbeidar sjølv i bedrifta. I tillegg skal dei ha tre nederlandske studentar som kvar skal jobbe 2-3 veker sommaren 2006, som eit ledd i utdanninga deiras.
Tidlegare tildelingar: Fekk kr 20.000 i tilskot i 2005.
Søkt om: kr 35.000 til straumuttak samt kr 10.000 for å oppkopling.
Kr 24.000 til marknadsføring knytt til besøk på fleire messer.
Kostnader knytt til oppkopling av vann og kloakk på dei nye toaletta. Søkjar har ikkje noko oversikt over kva desse kostnadane vil utgjere.
Kommunen ynskjer at nyetablerarar skal kjenne seg velkommen i kommunen, uavhengig om dei er innflyttarar, tilbakeflyttarar eller busett i kommunen. Dette var ein av grunnane til at denne bedrifta fekk støtte i etablerarfasen sin i 2005. Søkjarane skriv at dei hadde ein bra sesong i 2005, og at forventningane til årets sesong er gode. Dei har hatt investeringar knytt til opprusting og oppussing av campingplassen, og har gjort mykje arbeid knytt til marknadsføring. Kr 20.000 som dei fekk i støtte i 2005 er ikkje mykje. Men med så mange liknande bedrifter i kommunen, kan ein ikkje bidra til enkeltbedrifter i fleire år. Det er i tillegg konkurransevridande. Innovasjon Noreg gjev til dømes ikkje tilskot til overnattingsbedrifter av denne typen i det heile. Ein ynskte å gje bedrifta eit startbidrag, men ein ynskjer ikkje å gje støtte til marknadsføring og investering i denne type bedrift fleire år på rad. Rådmannen innstiller på avslag på søknaden.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|