|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-NPRO
Saksmappe: 06/00230-4
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad til næringsfondet – Norway Productions
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Handsaming i Formannskapet 24.04.06:
Magne Almstad, Frp kom med forslag om å gi tilskot på kr. 25.000,-.
Røysting:
1 røysta for Almstad sitt forslag som fall
5 røysta for innstillinga.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Norway Productions DA
Eigarar: Familiane van der Meule og Kous eig 50 % kvar i bedrifta. Familien van der Meule driv bedrifta Båthamn Camping Tafjord i Tafjord, og familien Kous driv Solvang Camping i Eidsdal.
Etablert: Bedrifta vart etablert 08.03.2006 som ei bedrift med delt ansvar.
Bransje: Dei skal drive med formidling av ulike feriebustader, boligar og arbeid i området frå interessentar i blant anna Tyskland og Nederland. Dei skal bidra til å selje ulike bedrifter. Dei skal bruke sitt nettverk til å gjere dette arbeidet, samt skal delta på messer. I Brønnøysund registeret er dei registert som eigedomsmeklar.
Tilsette: Eigarane arbeidar sjølv i bedrifta.
Tidlegare tildelingar: Ingen
Søkt om: Støtte til kontorutstyr og marknadsføring, med ein total kostnad på kr 25.000. Dei søkjar om støtte på kr 25.000.
Kommunen vurderar dette som spanande. Likevel er det litt uklårt kva bedrifta skal drive med. Norway Productions DA minner litt om bedrifta Placement Utvikling i Stordalen, som blant anna bidreg med tilflytting av ressurssterke nederlendarar.
Ein vurderar det slik at eigarane no står framfor ein forhåpentlegvis hektisk campingsesong. Det er snart eigarane sin andre sommarsesong, og dei har planar om å vidareutvikle kvar sin campingplass. Ein undrar om søkjarane vil ha mogelegheit til å ta tak i og utvikle denne nye bedrifta no? Rådmannen vurderar det slik at ein ikkje prioriterer søknaden i denne omgongen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|