|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 03/00190-21
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 18.04.06 |
Søknad om dispenasjon frå
bygge- og deleforbod for Murigrandane
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Merknad frå Valldal Bowlingsenter AS, dagsett 07.03.06 og 29.03.06 |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
Det faste utvalet for plansaker ser positivt på dei tiltaka Valldal Bowlingsenter har planar om å utføre på bygg og uteområde, men dispensasjon frå bygge- og deleforbod blir å vurdere i kvar einskild byggesak når det er søkt eller meldt etter plan- og bygningslova.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 24.04.06:
Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga.
Det faste utvalet for plansaker ser positivt på dei tiltaka Valldal Bowlingsenter har planar om å utføre på bygg og uteområde, men dispensasjon frå bygge- og deleforbod blir å vurdere i kvar einskild byggesak når det er søkt eller meldt etter plan- og bygningslova.
I samband med kunngjering av oppstart av arbeidet med reguleringsplan for Murigrandane og mogleg bygge- og deleforbod, har Valldal Bowlingsenter kome med merknad. I merknaden blir det stilt spørsmål om bowlingsenteret er omfatta av bygge- og deleforbodet ut i frå at ein oppfattar verksemda til å vere innanfor intensjonen med planarbeidet. Dersom det er det, blir det søkt om unntak.
Det er og sendt eit brev som nemner dei tiltaka ein har planar om skal gjerast dei næraste to åra.
Valldal Bowlingsenter ligg område som er regulert til industri, og difor må det søkast om dispensasjon frå reguleringsplan ved alle søknadspliktige og meldepliktige tiltak. Då vert det og å ta med søknad om dispensasjon frå bygge- og deleforbod.
Valldal Bowlingsenter si verksemd ligg innanfor det som er intensjonen med planarbeidet. Difor er arealet teke med i reguleringsarbeidet. og dei arbeida som er nemnde i brevet er relevante innanfor føremålet.
Dispensasjon blir ikkje gitt generelt. Det er knytt til kvar einskild byggesøknad eller –melding.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|