|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: U00
Saksmappe: 06/00022-5
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 18.04.2006 |
Første behandling av
næringsfondsaker 2006 - orienteringssak
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Vedtektene og retningslinjene for næringsfondet
Jamfør vedtak i kommunestyret 10.03.04, sak 15/04 om retningslinjer for næringsfondet, skal søknader til næringsfondet sakshandsamast kvartalsvis av formannskapet som er fondsstyre. Søknadsfristen skal annonserast, og for første kvartal 2006 var denne 14. mars. Pr. første halvår skal ein i regelen nytte om lag halvparten av disponibel kapital.
Sakene vert lagt fram som individuelle saker, men med denne orienteringssaka som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
For 2006 er det sett av totalt kr 1.794.638 i budsjettet for næringsfondet til fordeling til næringslivet i kommunen.
I tillegg trekkjer administrasjonen tilbake kr 400.000 til Gallerie Tafjord frå eit vedtak gjort i kommunestyret 03.07.03. I vedtaket går det fram at dei kr 400.000 er ein del av kommunen sin eigenkapital i prosjektet, og skal verte skaffa til veie ved at Norddal Elverk betalar attende eit ansvarleg lån. Fram til midlane vert tilgjengeleg frå Elverket, skal ein om naudsynt nytte næringsfondsmidlar til forskottering. Norddal Elverk betalte kommunen kr 400.000 den 26.08.03, og det er ikkje naudsynt at desse midlane lenger står oppført i næringsfondet.
Kr 400.000 vert difor trekt tilbake og går inn i potten for 2006.
Potten så langt vert på kr 2.194.638.
Av næringsfondet for 2006 er det allereie bevilga:
I vedtak i kommunestyret 31.03.05 fekk Eidsdal Næringsutvikling til saman kr 400.000 fordelt over tre år. For 2005 vart kr 140.000 bevilga og utbetalt. For 2006 har ein utbetalt kr 220.000, med ein rest på kr 40.000 til utbetaling i 2007.
I vedtak i kommunestyret 31.03.05 fekk Norddal Hamn kr 160.000 frå næringsfondet, samt kr 190.000 frå første halvår i 2006.
Prosjekt Fjordturar v/Vidar Hareide fekk i formannskapet 19.12.05. tilsegn om kr. 200.000,- i 2005 og kr. 100.000,- i 2006 og 2007, til saman kr 400.000.
I eit
vedtak i kommunestyret 24.11.05 bevilga ein eit garantikrav frå MRF/Fjord 1
på
kr
220.000 i 2006 for å dekkje eit eventuelt underskot på ferja sommaren 2006.
Kommunestyret i møte 18.11.04 vedtok å følgje opp Forprosjekt Ungdom på ein periode på inntil 3 år, og prosjektet skal vere eit spleiselag mellom blant anna kommunen, næringslivet, fylket og Innovasjon Noreg. For 2005 vart det bevilga kr 264.000 av næringsfondet til prosjektet. Det har ikkje vorte bevilga eller gitt indikasjonar på konkrete summar for 2006. Ein går ut frå at ein tilsvarande sum vil vere aktuell i 2006 òg.
I tillegg har ein bunde seg opp med kommunale midlar til pilotprosjektet ”Kommunane som førstelinje for småskala næringsutvikling,” også kalla Kommuneprosjektet. For 2005 bevilga ein kr 15.000 som vart tatt frå næringsfondet, og ein tilsvarande sum har ein bunde seg til for 2006, jamfør vedtak i formannskapet 06.12.04 og notat til formannskapet, datert 17.01.05, om koordinering av pilotprosjektet og ungdomsprosjektet.
Tilsaman
vert dette kr 2.194.638 – 1.009.000 = totalt
kr 1.185.638 til fordeling i 2006.
Delt på fire søknadsomgongar er det ca kr
296.000 til disposisjon for dette kvartalet.
Oversikt over
innkomne søknader første kvartal 2006:
|
Nr |
Søkjar |
Tiltak |
Søknadssum |
Totalkostnad |
|
1 |
Norway Productions |
Investeringar, og marknadsføring ved etablering av ny bedrift |
25 000 |
25 000 |
|
2 |
Båthamn Camping Tafjord |
Vidare investeringar og marknadsføring av campingplassen |
69 000 |
69 000 |
|
3 |
Moland Kompetanse og Rådgivning |
Vidareutvikle bedrifta |
217 000 |
217 000 |
|
4 |
Geir Arne Myren |
Investeringstilskot og tilskot til opplæring og vidareutdanning |
259 850 |
319 700 |
|
5 |
Valldal Naturopplevingar og Steep DA |
Investering i kajakkar m/utstyr til utleige og guida turar |
159 685 |
159 685 |
|
6 |
Øvre Valldal Utvikling BA |
Diverse investeringar, marknadsføring og planleggingsarbeid |
80 000 |
360 000 |
|
7 |
Valldal Bilsenter AS |
Utstyr til å reparere A/C anlegg samt investering i lakkboks |
41 629 |
121 598 |
|
8 |
Valldal Høvleri AS |
Bygging av nytt lagerbygg |
166 200 |
664 798 |
|
9 |
Norsk Bærindustri AS |
Midlar til oppussing av lokaler |
52 000 |
105 000 |
|
10 |
The Happy End – Norddal |
Vidareutvikling av næringsorganisasjonen knytt til marknadsføring, produktutvikling og samarbeid |
100 000 |
266 300 |
|
11 |
Valldal Grønt |
Iverksette, gjennomføre og videreføre tiltak for å auke verdiskapinga |
200 000 |
2 052 000 |
|
12 |
Tafjord Overnatting |
Etableringstilskot |
90 000 |
189 000 |
|
13 |
Tafjord Batsafari |
Flaggermussafari i Tafjord |
40 000 |
83 500 |
|
14 |
Arbeidsgruppe v/ Jan Olav Hesthaug |
Turistinformasjon i Eidsdal |
12 500 |
25 000 |
|
15 |
Limousine
West v/ Hallgeir Greger |
Marknadsføring |
70 700 |
70 700 |
|
16 |
Limousine
West v/ Hallgeir Greger |
Innkjøp av limousin nr 2 |
55 000 |
110 000 |
|
|
|
Til saman |
1 278 529 |
2 726
431 |
Sakene vert lagt fram som individuelle saker.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|