|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 03/00190-20
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 17.04.06 |
Reguleringsplan for
Murigandane. Førebels vurdering etter førehandskunngjering. Nedlegging av bygge- og deleforbod
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Merknad frå Statens vegvesen, dagsett 18.03.04 |
|
|
2 |
Merknad frå Valldal Automaskin, dagsett 17.03.06 |
|
3 |
Merknad frå Møre og Romsdal fylke, dagsett 04.04.06 |
|
4 |
Merknad frå Valldal Bowlingsenter, dagsett 07.03.06 og 29.03.06 |
|
5 |
Brev frå Berg Jacobsen gruppen AS og Muritunet AS, dagsett 22.03.06 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Planutvalet har vurdert dei innkomne merknadene, og det vidare planarbeidet vert å utføre etter desse retningslinjene:
a. Gangvegsystemet innanfor området vert prioritert
b. Det området som i dag er regulert industriområde, blir lagt ut som serviceføremål. Dette inkluderer areala til Valldal Automaskin, Norddal el-verk og Valldal Grønt.
c. Det blir arbeidd vidare med planutforming i dialog med alle aktørar innanfor området.
d. Ein avventar slutthandsaming av planen til nærare resultat om risikovurdering i høve til flodbølgje ligg føre.
2. Med heimel i § 33 i plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge ned bygge- og deleforbod for heile det kunngjorte planområdet på Murigrandane.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 24.04.06:
Forslag frå Merete Løvoll Rønneberg om følgjande endring av pkt b i innstillinga:
b. Det blir arbeidd vidare med ei løysing som kombinerer verksemda til Valldal Auto-Maskin/Remseth Maskin med den utnyttinga ein elles legg opp til for området.
Forslag frå Signe Brenna om å ta ut pkt. b i innstillinga.
Røysting:
Det vart først røysta over innstillinga som vart vedtatt med 4 mot 3 røyster.
1. Planutvalet har vurdert dei innkomne merknadene, og det vidare planarbeidet vert å utføre etter desse retningslinjene:
a. Gangvegsystemet innanfor området vert prioritert
b. Det området som i dag er regulert industriområde, blir lagt ut som serviceføremål. Dette inkluderer areala til Valldal Automaskin, Norddal el-verk og Valldal Grønt.
c. Det blir arbeidd vidare med planutforming i dialog med alle aktørar innanfor området.
d. Ein avventar slutthandsaming av planen til nærare resultat om risikovurdering i høve til flodbølgje ligg føre.
2. Med heimel i § 33 i plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge ned bygge- og deleforbod for heile det kunngjorte planområdet på Murigrandane.
Oppstart av arbeidet med reguleringsplan for området var kunngjort ved annonse og ved brev til planstyresmakt stat/fylke og grunneigarane. Det var då og kunngjort at ein hadde til hensikt å legge ned bygge- og deleforbod. Frist for å kome med merknad var sett til 04.april 2006. Det er kome 4 merknader til oppstart av reguleringsarbeidet og nedlegging av bygge- og deleforbod.
Merknaden gjeld området sør for riksvegen.
Det blir peika på at det vil ein vere ein føremun om talet på avkøyrsler frå planområdet til riksvegen blir redusert. Det blir vidare bedt om at det vert lagt inn eit gang- sykkelvegsystem innanfor planområdet slik at gangtrafikk til sentrum ikkje treng å krysse riksvegen.
Det er i dag 4 regulerte avkøyrsler til område sør for riksvegene. Lengst ute er det til badeplassen i Muribugen, så eiga avkørsle til Muritunet, felles avkøyrsle til bensinstasjonen og næringshagen og til slutt hovudavkøyrsle til området. Ein ser det som vanskeleg å fjerne nokon av desse.
Eit gangvegnett for området vil vere ein primær oppgåve både som internt gangareal, men og med tilknyting inn til Sylte og til turveg opp langs Valldøla.
Tomt var tildelt i 1977 til verkstad og med atterhald om at det og skulle vere bensinstasjon. Verksemda starta opp i 1979 og driv i dag bil- og traktorverkstad samt bensinstasjon på eiga tomt.
Ei omregulering i tråd med kommunetyret sitt vedtak vil får store konsekvensar for verksemda, og også for Remseth maskin som leiger areal. Denne verksemda ligg i startgropa til å bli noko stort, men må vise resultat dei 2 næraste åra.
Verksemda er bygt opp gradvis til å vere kva det er no med bilverkstad, traktorsal og –service, Stihlbutikk og bensinstasjon for eit stort omland. Remseth Maskin overtok traktordelen frå 2004 og leiger lokale. Dette er yngre krefter som flytter heim til Valldal. I løpet av 1 år er dette blitt til 3 mann som dekker området Nordfjord – Romsdalsfjord med sal og service. Det har vore arbeidd kontinuerleg med samarbeidsformer, eigarstruktur og tilrettelegging for utvida drift, og hausten 2005 var det klart for å ville bygge verkstadhall og kontor/salslokale for Remseth Maskin med 260 m2 og nye sanitæranlegg for Valldal Automaskin med 100 m2. Totalt bebygd areal vil vere 750 m2.
På tomta kring bygget vil kontorbrakkene bli fjerna når nybygg er ferdig, den kommunale tømestasjonen for bubilar blir flytta, kommunal løysing på deponering av spesialavfall må kome. Det blir nok oppstillingsplassar for bilar og traktorar. Det er søkt om å få kjøpe det kommunale arealet mellom bensinstasjonen og riksvegen.
Det blir bedt om eit snarleg skriftleg svar frå kommunen korleis ein ser på deira utvikling på Murigandane. Vedlikehald er blitt utsett i påvente av nybygg.
Det er vist til kontakten som har vore med kommunen og at initiativ til å få fram opplysningar har kome frå dei sjølve. Dei oppfattar seg ikkje velkomne til å vere på staden og oppfattar det og slik at det ikkje er politikarane og kommunen som bestemmer. Men det blir vist til at det er ein eigen eigedom det gjeld med 2 verksemder, og kommunen vil bli halde ansvarleg for økonomiske ulemper av dette.
Det er ikkje gitt kommunal støtte til Valldal Automaskin og litt til Remseth Maskin. Dette er unge etablerarar som slår seg ned i Valldal og skape eigne arbeidsplassar utan økonomisk hjelp frå kommunen.
Det vert kravt at alle planar kommunen måtte ha for eigedomen og verksemdene skal drøftast med dei, og det blir og forventa at andre som har planar som berører dei, og tek kontakt direkte til dei som grunneigar og bedriftseigarar. Blir det lagt ned bygge- og deleforbod, må kommunen gå i konkrete drøftingar med Valldal Automaskin og Remseth Maskin om kva økonomiske konsekvensar det vil få.
Merknaden er vedlagt kart som syner påbyggingane.
Merknaden gir eit godt inntrykk av bedriftsetableringa og kva den etter kvart har utvikla seg til. Ein får inntrykk av ei solid verksemd med eit godt potensiale i eit vidt marked. Kjernespørsmålet er om dette er eit føremål og ei verksemd som vil vere i samsvar med kommunestyret sine intensjonar med området. Vidare om arealet på lengre sikt vil dekke behova for ei ekspansiv verksemd.
I administrasjonen har vi hatt møte med Valldal Automaskin og Remseth Maskin. Frå dei var det gitt uttrykk for at eksisterande lokalisering var å foretrekke fordi der var det meste investert i bygget frå før, det var ein salsfremjande stad og ein var godt etablert og kjent her. Kommunen har teke opp om om utområdet ved Valldal trevarefabrikk kunne vere alternativ. Det var ikkje interessant, spesielt ut i frå at alle investeringar måtte gjerast på nytt. Ut i frå kartet er det neppe skikka heller sidan det er berre halve arealet av kva Vallldal Automaskin har i dag, og framtida for industri kan vere like usikker her. Djupøyna skal vere det nye industriområdet i Valldal, og opparbeiding av dette ligg i pakken for Muriparken. Men det var heller ikkje sett på som aktuelt ut i frå nye store investeringar og at det var vekk frå hovudferdselsåra inn og ut av kommunen. Ein såg og synergieffekt med samlokalisering med bensinstasjonen.
Administrasjonen har og hatt møte med Berg/Jacobsen-gruppen og Muritunet. Dette spørsmålet var drøfta konkret sidan det var nemnt i eit tidlegare brev dei hadde skrive på oppmoding frå kommunen om å kome med innspel. Ut i frå det samspelet desse to verksemdene legg opp til (Muritunet og nytt hotell) ville ei regulering med berre føremål service vere det rette for heile området. Men tre andre verksemder er der alt. I eit brev sendt etterpå blir det gitt uttrykk for at ei påbygging og innandørs bruk for verkstad vil vere akseptabelt i høve til øvrige planar, men ikkje oppstilling og utstilling av traktorar og reiskap. Det kunne t.d. vere på området til Valldal trevarefabrikk.
Gjennomføring av bygge- og deleforbod blir teke opp som eit eige punkt i saka.
Det er vist til naustområdet, og det er viktig å ta omsyn til kulturmiljøet i planen. SEFRAK-reg. for bygga er lagt ved.
Det er teke med universell utforming som er eit omgrep om likt tilgjenge for alle. Dette bør ein få med i planen.
Det er vist til mogleg flodbølgje frå Åknes/Heggurda der området ligg innanfor fåresona. Utbygging må skje innanfor teknisk forskrift sine krav til tryggleik. Nye sannsynlegheitestimat for hending og bølgjeanalyse vil gje grunnlag for korleis området kan bli påverka. Dette skal ligge føre i løpet av april. Vilkår for korleis dette kan avklarast i planføresegnene bør avklarast med sentrale planstyresmakter. Dette bør og vere samordna med alle berørte kommunar langs Storfjorden.
Naustområdet er alt med som eige område i gjeldande reguleringsplan, og blir truleg uendra slik.
Universell utforming burde vere mogleg å gjennomføre i eit område som er så godt arrondert som dette. Ein føresetnad er at gangtrafikken og tilgjenge elles blir eit av dei første planelementa som blir sett på plass og som føresetnad for utnyttinga elles.
Arbeidet med byggeforskrifter i høve til fjellskred og flodbølgjer er eit fylkesprosjekt som skal vere ferdig i 2010. Ein håper likevel å kunne få til viktige avklaringar før sommerferien med omsyn til om beredskap reduserer personrisikoen og med omsyn til materiell skade. Det er sett ned ei administrativ gruppe mellom dei 4 næraste kommunane i samarbeidd med fagpersonar i fylket som skal sette dette i praktisk samanheng. Her er ein samde om å ha ei felles haldning i kommunane. I følge notat frå fylket bør det ikkje gjevast byggeløyve i området så lenge sak om faregrenser er under utgreiing. Når dette no er kjent, kan det ved gitt byggeløyve, bringe kommunane i erstatningsansvar. Det gjeld og for ny bygging etter gjeldande planar, men det er uklart om det vil gjelde ved påbygg. Dette er då ikkje bygge- og deleforbod etter § 33 som blir lagt ned for å lage reguleringsplan. Det er det generelle tryggleikskravet etter § 68 der plikt til å påsjå dette er lagt til planutvalet i plansaker og til driftsutvalet i konkrete byggesaker.
Arbeidsgruppe 1, kartlegging og overvaking, i fjellskredprosjektet er ikkje kopla inn i dette.
Merknaden ligg føre i to brev.
a. Merknaden er først ei orientering om planane vidare. Det blir bedt om ei stadfesting på ei oppfatning om at Valldal Bowlingsenter ikkje er omfatta av vedtaket om bygge- og deleforbod ettersom aktiviteten er service.
Etter halvt års drift ser ein at verksemda har ei framtid, og ein vil realisere dei planane ein har for vidare utvikling av området. Det er påbygg, endring av fasade, maling utbetring av parkering og tilkomstveg. Dersom dette er omfatta av vedtak om bygge- og deleforbod, er skrivet å sjå på som ein søknad om unnatak.
b. Det blir bedt om svar frå kommunen om verknader for Kula si utvikling med eit bygge- og deleforbod. Dette gjeld planar som kan bli realisert innan to år_
- bygge større parkeringsplass, asfaltere denne og tilkomstvegen
- lydisolere og bordkle vegg mot nabo mot vest
- bygge på 20 m2 mot aust med kjølerom, fryserom, lager, varemottak
- bygge på 150 m2 i to etasjer på baksida til danselokale etc.
Lova set opp ei slik føresetnad for dispensasjon frå bygge- og deleforbod slik: Det faste utvalet for plansaker kan samtykke i at eit arbeid blir utført dersom det etter utvalet sitt skjønn ikkje vanskeleggjer den nye regulering.
Ein vil oppfatte dette slik at ein dispensasjon ikkje kan bli gitt generelt for ei verksemd, men må vere konkret til den einskilde byggesaka. Då måtte ein heller unnta heile eigedomen frå bygge- og deleforbodet.
Av dei arbeida som er lista opp under pkt.b vil bygge- og deleforbodet gjelde for fylgjande:
- opparbeiding av parkeringsplass (§ 93) (ikkje asfalteringa)
- påbygg på 20 m2 (§ 86a)
- påbygg på 150 m2 (§93)
I gjeldande reguleringsplan er området regulert til industri slik at det uansett må søkast om dispensasjon frå reguleringsplan i kvar byggesak. Det kan og gjelde andre bestemmelser i planen.
Ein oppfattar tiltaka til å vere i samsvar med intensjonen for planarbeidet og området slik at det er grunnlag for å gje dispensasjon frå bygge- og deleforbodet for kvar einskild slik sak som måtte kome.
I tråd med vegvesenet sin uttale vil ein ta utgangspunkt i gangvegsystemet for utforming av planområdet. Dette er og i samsvar med generelle statlege føringar.
Ein må avvente slutthandsaming av planen til nærare resultat av risikovurdering for fjellskred/flodbølgje ligg føre.
Ei bygging for utviding av verksemda til Valldal Automaskin vil i utgangspunktet ikkje vere etter intensjonane som kommunestyret har sett for området. Her vil alternativa vere:
a. Heile arealet blir regulert til serviceføremål og bygget går ut av planen
b. Det blir arbeidd vidare med ei løysing som kombinerer verksemda til Valldal automaskin/Remseth Maskin med den utnyttinga ein elles legg opp til for området.
I innstillinga legg ein opp til alt.a.
Dei same alternativa vil gjelde for dei to andre verksemdene i området, Norddal el-verk og Valldal Grønt, og her bør ein ha same reguleringsføremål for alle tre eigedomane.
Den vidare planutforminga skjer i dialog med alle aktørar innanfor området der ein og kan take opp gjennomføring i planfasen.
Bygge- og deleforbodet blir gjennomført for heile det kunngjorte planområdet. Ein unntar ikkje eigedomen til Valldal Bowlingsenter frå forbodet. Søknad om dispensasjon frå Valldal Bowlingsenter blir tatt opp i eiga sak.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|