|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 142 &18
Saksmappe: 06/00247-2
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 17.04.06 |
Søknad om dispensasjon for
frådeling av tomt for fritidshus på gnr 65 bnr 1, Eide
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Søknad om dispensasjon, dagsett 13.03.06 |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
Reguleringsplan Oppskredfonna-Berge
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gje dispensasjon frå plankrav for frådeling av 1 tomt for fritidshus på eigedom gnr 65 bnr 1 innanfor område avsett til fritidshus i arealdelen til kommuneplanen. Særleg grunn for dispensasjon er at søknaden gjeld 1 tomt som ligg heilt i ytterkant av planområdet. Vilkår for dispensasjonen er at alt regulert avkøyrsle mot riksvegen blir nytta, at tomta blir på maks 1 da og at utforming av tomta ikkje hindrar tilkomst til dei andre hyttene i området eller vegføring vidare oppover.
Saka blir sendt ut til høyring til fylket, vegvesenet og naboer.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 24.04.06:
Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga.
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gje dispensasjon frå plankrav for frådeling av 1 tomt for fritidshus på eigedom gnr 65 bnr 1 innanfor område avsett til fritidshus i arealdelen til kommuneplanen. Særleg grunn for dispensasjon er at søknaden gjeld 1 tomt som ligg heilt i ytterkant av planområdet. Vilkår for dispensasjonen er at alt regulert avkøyrsle mot riksvegen blir nytta, at tomta blir på maks 1 da og at utforming av tomta ikkje hindrar tilkomst til dei andre hyttene i området eller vegføring vidare oppover.
Saka blir sendt ut til høyring til fylket, vegvesenet og naboer.
Det ligg føre søknad om dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen for frådeling av tomt for fritidshus på gnr 65 bnr 1, Eide.
Den omsøkte tomta ligg på det stykket garden har på den fremste teigen på Eide. Det har tidlegare vore handsama reguleringsendring for tomt nede ved vatnet, og den saka førte ikkje fram. Det blir no søkt om ei anna tomt på eit anna stykke.
Det er ikkje eigar som står for søknaden, og det ligg heller ikkje føre nabovarsel. Desse vil bli orientert når saka blir sendt ut dersom planutvalet går inn for søknaden. Ved søknad om frådeling må grunneigar stå for det, og det må sendast ut nabovarsel. Då må og frådelt areal teiknast inn meir nøyaktig.
Den omsøkte tomta ligg stort sett innanfor det som i arealdelen til kommuneplanen er avsett som område for fritidshus. Søknaden gjeld difor dispensasjon frå krav til reguleringsplan.
Den aktuelle tomta ligg heilt i ytterkant av eit større område for fritidshus som går over fleire eigedomar. I den andre enden mot nord er ein del av området bygt ut etter reguleringsplan for Eidsvatnet hyttegrend. Det er ikkje krav om ein samla reguleringsplan for heile området. For riksvegen nedanfor gjeld reguleringsplan Oppskredfonna-Berge. Planen omfattar riksvegen og det næraste arealet, men ikkje så høgt som det omsøkte arealet. Tilkomst vil derimot vere omfatta av reguleringsplanen. I dette høvet baserer ein seg på alt regulert avkøyrsle frå riksvegen, men med utvida bruk for denne tomta.
På stykket ligg 2 andre hytter. Ei frådeling må ikkje hindre tilkomst til desse hyttene, og heller ikkje hindre vidare utnytting av stykket ovanfor. Det er innteikna om 1,5 da. Tomta må innskrenkast til maks. 1 da med ei utforming der ein har rom for vegføring vidare oppover.
Planutvalet gjer eit intensjonsvedtak i første omgang, og ein kan sette vilkår for dispensasjon.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|