|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 210
Saksmappe: 07/00227-7
Sakshandsamar: Helge Svensvik Nils
T. Døving Dato: 15.04.07 |
Rekneskap 2006. Årsmelding
2006.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
23.04.07 |
|
|
027/07 |
Driftsutvalet |
25.04.07 |
|
062/07 |
Formannskapet |
14.05.07 |
|
027/07 |
Kommunestyret |
15.05.07 |
Utsendte saksdokument:
Rekneskap
Årsmelding
Revisjonsmelding
Fråsegn frå kontrollutvalet
Ikkje utsendte
saksdokument:
-
1. Norddal kommune sin rekneskap for 2006 blir godkjent.
Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 141.068 kroner
2. Kr. 141.068 blir avsett til disposisjonsfondet
3. Årsmeldinga for Norddal kommune for 2006 blir godkjent
1. Norddal kommune sin rekneskap for 2006 blir godkjent.
Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 141.068 kroner
2. Kr. 141.068 blir avsett til disposisjonsfondet
3. Årsmeldinga for Norddal kommune for 2006 blir godkjent
1. Norddal kommune sin rekneskap for 2006 blir godkjent.
Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 141.068 kroner
2. Kr. 141.068 blir avsett til disposisjonsfondet
3. Årsmeldinga for Norddal kommune for 2006 blir godkjent
Handsaming i Kommunestyret 15.05.2007:
Merete Løvoll Rønneberg kom med slikt forslag til vedtak:
1. Norddal kommune sin rekneskap for 2006 vert godkjent med den endringa som følgjer i pkt. 2.
2. Norddal kommunestyre legg til grunn at den rekneskapsmessige handteringa av tilskotet til Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen finn si avklaring i rekneskapet for 2007, jfr. uttale frå kontrollutvalet i sak 13/07.
3. Årsmeldinga for Norddal kommune for 2006 blir godkjent
Ordføraren kom med eit slikt forslag om eit nytt pkt. 3 (pkt. 3 i innstillinga vert pkt. 4):
Den rekneskapsmessige handteringa av tilskot til Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen finn si avklaring i rekneskapen for 2007 dersom regelverket ikkje blir liberalisert.
Merete trakk sitt forslag og kom med slikt forslag til eit nytt pkt 5:
Kommunestyret viser til kontrollutvalet sin uttale i sak 13/07 og vil presisere at rekneskapen for framtida må førast etter gjeldande regelverk. Ein ber òg om at tvilsspørsmål vert avklara i god tid føre rekneskapen vert lagt fram.
Petter Lingaas, Sp kom med slike forslag til nye pkt. 6 og 7::
6. Ein skal med farge og illustrasjonar utarbeide ein kortversjon av årsmeldinga for 2006 der nøkkeltal, utviklingstrekk og dei viktigaste utfordringane vert framheva.
7. Det vert delegert til administrasjonen å godkjenne kortversjon av årsmeldinga.
Det vart røysta punktvis:
Pkt. 1:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 3:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag
Pkt. 4:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 5:
6 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag som fall
13 røysta i mot
Pkt. 6:
18 røysta for Petter Lingaas sitt forslag
1 røysta i mot
Pkt. 7:
Samrøystes i samsvar med Petter Lingaas sitt forslag.
1. Norddal kommune sin rekneskap for 2006 blir godkjent. Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 141.068 kroner.
2. Kr. 141.068 blir avsett til disposisjonsfondet.
3. Den rekneskapsmessige handteringa av tilskot til Nasjonal turistveg Geiranger-trollstigen finn si avklaring i rekneskapen for 2007 dersom regelverket ikkje blir liberalisert.
4. Årsmeldinga for Norddal kommune for 2006 blir godkjent.
5. Ein skal med farge og illustrasjonar utarbeide ein kortversjon av årsmeldinga for 2006 der nøkkeltal, utviklingstrekk og dei viktigaste utfordringane vert framheva.
6. Det vert delegert til administrasjonen å godkjenne kortversjon av årsmeldinga.
Rekneskapen for 2006 syner eit netto positivt driftsresultat før interne finanstransaksjonar
kr. 1.654.255. Det rekneskapsmessige mindreforbruket er 141.068.
Kommentarar elles til rekneskapen finn ein i tal-oppsett som følgjer rekneskapen. I årsmeldinga finn ein nøkkelopplysningar om tenestene.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|