|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: H35
Saksmappe: 06/00412-26
Sakshandsamar: Bjørg Sætren Kleppe Dato: 12.04.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
25.04.07 |
|
|
030/07 |
Kommunestyret |
15.05.07 |
Utsendte saksdokument:
Forslag til vedtekter – Nærmiljøsenteret
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune godkjenner vedtektene for Nærmiljøsenteret slik dei ligg føre.
Norddal kommune godkjenner vedtektene for Nærmiljøsenteret slik dei ligg føre.
Norddal kommune godkjenner vedtektene for Nærmiljøsenteret slik dei ligg føre.
Norddal kommune skal i løpet av våren/sommaren opne Nærmiljøsenteret.
Prosjektgruppa for Nærmiljøsenteret har utarbeid eit forslag til tenesteomtale, tenestestandard og kvalitetsmål.
Vedtektene er utarbeidd for å støtte eigar, dei tilsette og brukarane.
Referansegruppa har drøfta vedtektene, og har hatt moglegheit til å kome med innspel.
For å kome i gong med utarbeiding av månadsplan for Nærmiljøsenteret er det naudsynt å ha vedtekter.
Ein tenesteomtale er aktuell å nytte i samband med opplysningar om tilbodet. Aktuelle brukarar, pårørande og andre vil ha mest trong om denne.
Tenestestandard og kvalitetsmål kjem i tillegg på eige ark då dette er meir til intern bruk. Den er naudsynt å ha for eigar og dei tilsette.
Prosjektleiar har skaffa vedtekter frå mange ulike hald og nytta desse i arbeidet med å lage ”våre” vedtekter. Vi skal gje tilbod til mange ulike menneske med ulike behov i dei same lokala. Dette gjer at vi må lage retningslinjer som er fleksible og tilpassa det tilbodet vi skal gje.
Referansegruppa har fått vedtektene tilsendt. Gruppa har, saman med prosjektleiar, hatt møte der vedtektene har vore drøfta. Nokre justeringar vart gjort etter innspel frå referansegruppa.
Styringsgruppa for Nærmiljøsenteret har delteke i prosessen, og går for vedtektene slik dei ligg føre.
Vi reknar med at det vert naudsynt å revidere vedtektene etter ei tid, men ønskjer å starte opp slik dei er utarbeidd.
Etter eitt års drift skal vedtektene leggast fram for brukarrådet til ny vurdering.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|