|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 06/00304-2
Sakshandsamar: Øystein
Klempe Dato: 10.04.06 |
Sigurd Linge, gnr 1 bnr 1:
Søknad om frådeling av regulert område sør for riksveg 63
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
20.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Søknaden om deling av grunneigedom datert 01.04.2006.
Utsnitt reguleringsplan Lingestranda
Ikkje utsendte
saksdokument:
Jordlova1995-05-12 nr 23
Reguleringsføresegner for ”Hytteområde Lingestranda”
Med vising til vedteken reguleringsplan Lingestranda med område for hytter vil Det faste utvalet for plansaker ikkje fremme forslag om reguleringsendring for frådeling av to hyttetomter slik det er søkt om.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 20.06.06:
Svein Linge, Al kom med slikt forslag til vedtak:
Med vising til vedteken reguleringsplan for hytter Lingestranda, vedtek Det faste utvalet for plansaker at Sigurd Linge får dele frå dei to omsøkte tomtene. Ein viser i denne saka til den praksis som vart innført av landbruksstyret i Møre og Romsdal for naboeigedomen i vest.
Røysting:
4 røysta for innstillinga
3 røysta for Linge sitt forslag som fall
Med vising til vedteken reguleringsplan Lingestranda med område for hytter vil Det faste utvalet for plansaker ikkje fremme forslag om reguleringsendring for frådeling av to hyttetomter slik det er søkt om.
Det ligg føre søknad frå Sigurd Linge som eigar av gnr 1 bnr 1 om frådeling av 2 tomter for hytte. Den eine tomta er bebygd med hytte, den andre er ubebygd. Grunngjevinga er å betre tryggleiken til bruket og finansiering for bygging av nytt fritidshus med tilstrekkeleg garanti i tomtene.
Det aktuelle arealet er del av reguleringsplanen ”Lingestranda”, her er det lagt ut byggjeområde for hytter og naust. Jordlova sin §12 var gjort gjeldande for heile planområdet.
Dei to hyttene som er søkt om, ligg på areal regulert til hytter, men som ikkje kan delast frå. Ei frådeling krev reguleringsendring.
§ 12 Jordlov:
Det er jordlova sin § 12 som ligg til grunn når delingssamtykke skal vurderast. Paragrafen seier m.a.: ”Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan ikkje delast utan samtykke frå departementet.”
Samtykke kan gjevast dersom eitt av følgjande to vilkår er oppfylt: 1) Samfunnsinteresser av stor vekt talar for det, eller 2) Deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastinga eigedommen kan gje. Dersom ingen av vilkåra er oppfylt, må søknaden avslåast.
Ved avgjerda skal det m.a. takast omsyn til om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal òg takast omsyn til godkjende planar som ligg føre for arealbruken etter plan- og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet.
Samtykke til deling kan gjevast på slike vilkår som er naudsynte av omsyn til dei føremåla som lova skal fremje.
Jordlova har til formål å legge til rette for at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til, kan bli brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket. Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetnad, arbeid og driftsmessige gode løysingar. Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerst ut frå framtidige generasjonar sine behov.
Jordlova § 12 inneheld eit generelt forbod mot å dele eigedomar som er nytte eller kan nyttast til jord eller skogbruk. Det kan berre gjerast unntak frå dette forbodet dersom samfunnsinteresser av stor vekt talar for det, eller dersom deling er forsvarleg ut i frå omsynet til den avkastning eigedomen kan gi.
Frådeling vil legg til rette for kortsiktig vinning, og uttak av ressursar som kan bli brukt til anna formål enn det lova legg opp til.
Reguleringsplanen forutset utleige, som har eit større inntektspotensiale enn bortfeste. I eit langtidsperspektiv vil dagens reguleringsplan ivareta formålet med jordlova, og den samfunnsinteresse at inntektspotensiale er knytt til bruket.
Arealet er regulert til hytter knytt til hovudeigedomen (utleigehytter). Det er intensjonen i reguleringsplanen. På den tilgrensande naboeigedomen er det frådelt ei tilsvarande tomt ved dispensasjon frå reguleringsplanen etter at fylkeslandbruksstyret ga løyve til å dele frå. Det er og frådelt ei tomt til etter reguleringsendring. For begge tomtene var det sett vilkår for å ivareta strandsona. Dette er ikkje ovehelde, og frådeling av tomter i strandsona bør ein sjå vekk i frå når konsekvensane blir slik.
Det viktigaste her er likevel intensjonen ved reguleringsplanen som er at hyttene skal vere knytte til eigedomen og ikkje delast frå. Frådelte tomter kan rett nok ligge til garden, og kan etter jordlova reknast til driftseininga, men eit fråsal av bebygd eigedom kan likevel skje utan krav til melding eller kontroll.
Med vising til reguleringsplanen bør ikkje hyttetomtene delast frå.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|