NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    410

Saksmappe:          07/00178-8

Sakshandsamar:   Magnhild Grønningsæter

Dato:                      11.04.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Rekrutteringstiltak  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

005/07

Partsamansett utval

30.05.07

073/07

Formannskapet

06.06.07

 

Utsendte saksdokument:

- Møre og Romsdal fylke, oppsummering frå dialogmøter med kommunane mars 2007

 

Ikkje utsendte saksdokument:

- ”Arbeidsgjevarstrategi mot 2020”, rettleiingshefte frå KS

 

 


Rådmannen si innstilling:

Rådmannen vert pålagt å setje ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe av tilsette og tillitsvalde som skal utarbeide ein strategisk plan for rekrutteringstiltak, med vurdering av evt. økonomiske konsekvensar.

 

 


Handsaming i Partsamansett utval  30.05.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Innstilling i  Partsamansett utval - 30.05.2007:

Rådmannen vert pålagt å setje ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe av tilsette og tillitsvalde som skal utarbeide ein strategisk plan for rekrutteringstiltak, med vurdering av evt. økonomiske konsekvensar.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  06.06.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 06.06.2007:

Rådmannen vert pålagt å setje ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe av tilsette og tillitsvalde som skal utarbeide ein strategisk plan for rekrutteringstiltak, med vurdering av evt. økonomiske konsekvensar.

 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Kampen om arbeidskrafta har blitt merkbar så vel for Norddal kommune som for resten av landet.

For å kunne lukkast med å rekruttere og halde på arbeidskrafta, er det behov for nytenking. Plan for rekrutteringstiltak vil vere ein nødvendig reiskap i dette arbeidet.

 

Saksopplysningar:

Norddal kommune har i dag vakanse i mange stillingar.  Døme: Psyk. sjukepleiar, kommuneplanleggar, fagarbeidarar, miljøterapeutar, sjukepleiarstillingar og andre stillingar i pleie-omsorgsavdelinga. I pleie-omsorgsavdelinga vert det til tider skaffa arbeidskraft gjennom byrå, som er ei dyr løysing - men som er nødvendig for å avhjelpe akutte behov.

 

Vakanse over tid i enkelte stillingar fører til ekstra belastningar for øvrig personale, som igjen medfører uønskte konsekvensar; døme sjukefråver.

 

For å kunne yte gode tenester til innbyggarane er det viktig at vi kan fylle stillingane med kvalifisert personell. Etablerte personalpolitiske tiltak som har eksistert over tid er t.d, utdanningsstipend, tilskot til etterutdanning, flyttegodtgjersle, etableringstilskot, subsidiering av bu-utgifter. Dette har vore vurdert i høve til rekrutteringsvanskar i enkelte stillingsgrupper.

 

KS har sett fokus på utfordringar som kommunesektoren vil stå overfor dei komande åra gjennom heftet ”Stolt og unik” – Arbeidsgjevarstrategi mot 2020. Her blir det peikt på to hovudutfordringar:

  1. Kommunane si evne til nyskaping.
  2. Kommunane sin tilgang på og forvaltning av eiga arbeidskraft.

 

Gjennom dialogmøte har Møre og Romsdal fylke sett fokus på kva utfordringar som er knytt til det såkalla ”Kompetanseløftet 2015”.

 

Saksvurdering og konklusjon:

I arbeid med rekruttering av medarbeidarar til stillingar i Norddal kommune må ein tenkje seg nye løysingar og virkemiddel. Marknadsføring av kommunen som ein god stad å bu, tilrettelegging og ein god arbeidsgjevarpolitikk, vil spele ei vesentleg rolle. Både intern rekruttering og kompetanseheving hos eigne tilsette og nyrekruttering må ha fokus.

 

Eksisterande tilskot/stipendordningar treng ein gjennomgang, og nye tiltak bør vurderast. Stimuleringstiltaka vil kunne medføre økonomiske konsekvensar som evt. må takast omsyn til i budsjettsamanheng.

 

Rådmannen har hatt førebelse drøftingar med tillitsvalde omkring utfordringane i arbeidsgjevarpolitikken, og det er kome fleire innspel. Det er ønske om at det vert sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå tilsette, tillitsvalde og rådgjevar  personal for utarbeiding av ein plan knytt til rekruttering av kompetente medarbeidarar.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann