NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    223

Saksmappe:          07/00303-2

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      11.04.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Søknad om økonomisk bidrag til boka VERDSARV Vestnorsk fjordlandskap  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

029/07

Driftsutvalet

25.04.07

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Bergljot Engeset, datert 26.03.07

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune yter ikkje midlar til boka ”VERDSARV Vestnorsk Fjordlandskap”.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  25.04.07:

Oddmund Ødegård, Nl kom med slikt forslag til vetak:

Norddal kommune yter kr. 15.000,- til boka ”VERDSARV Vestnorsk Fjordlandskap”.

Grunngjeving for tiskotet er at Engeset har sterk tilknyting til området, og har god kjennskap til sørområdet. Ho er oppteken av kulturhistorie, og har gjennom sine tidlegare bokprosjekt vist at ho formidlar på ein god måte.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med Oddmund Ødegård sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 25.04.07:

Norddal kommune yter kr. 15.000,- til boka ”VERDSARV Vestnorsk Fjordlandskap”.

Grunngjeving for tiskotet er at Engeset har sterk tilknyting til vårt området, og har god kjennskap også til sørområdet. Ho er oppteken av kulturhistorie, og har gjennom sine tidlegare bokprosjekt vist at ho formidlar på ein god måte.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Bergljot Engeset søkjer i brev datert 26.03.07 om 15.000 kr frå Norddal kommune for å medfinansiere boka VERDSARV Vestnorsk fjordlandskap.

 

Saksopplysningar:

Bergljot Engeset skal gje ut ei bok med arbeidstittel VERDSARV Vestnorsk fjordlandskap. Ho vil knyte dei to fjordane i verdsarvområdet saman: landskap, tradisjonar og folk. Utgjeving blir i oktober.

Engeset er frilandsjournalist. Ho er født på Stranda, og er også godt kjent i sørområdet. Boka skal gjevast ut på eige forlag. Ho ha tidlegare gitt ut fleire bøker, m.a. Dr. Torgersen, Innflyttar og Geita.

 

Det er henta inn pristilbod på trykking som syner ein kostnad på 215.000 kr. Engeset har fått 4 månaders skrivestipend til prosjektet. Ho søkjer om totalt 165.000 kr i ekstern støtte, resterande er tenkt dekt gjennom sal. I boka si kolofonside vil det stå kven som er bidragsytarar, og ein vil få fem eksemplar av boka.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Engeset søkjer om 15.000 kr frå Norddal kommune. I kostnadsoppsettet lenger nede står det at ho søkjer om 45.000 kr totalt frå Norddal, Stranda samt Aurlandskommunane. Det er til saman seks kommunar, noko som tilseier 7.500 kr frå kvar kommune.

 

Prosjektet har søkt Verdsarvrådet om midlar, men har der fått avslag. Dei går ikkje inn og støtter enkeltprosjekt. Det er mange som no vil lage produkt knytt opp til området, og dei vil ikkje velje ut nokre framfor andre.

 

Engeset har sterk tilknyting til vårt område, og har god kjennskap også til sørområdet. Ho er oppteken av kulturhistorie, og har gjennom sine tidlegare bokprosjekt vist at ho formidlar på ein god måte.

 

Stadig fleire aktørar melder no si interesse for å lage produkt av ulike slag knytt til verdsarvområdet. Difor er Verdsarvrådet si haldning enkel å slutte seg til så lenge det ikkje er prosjekt området sjølv har initiert. Samstundes så ser ein at dette kan bli eit produkt som formidlar den viktig kulturhistoria på ein god måte.

Stig Holmstrøm

 

rådmann