|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K50
Saksmappe: 04/00208-39
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 06.04.2006 |
Opning av verdsarvområdet
Vestnorsk Fjordlandskap - Geirangerfjord med omland
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Søknad frå Verdsarvprosjektet, datert 19.03.06
Ikkje utsendte
saksdokument:
Detaljert budsjettoppsett og førebels program
1. Norddal kommune yter 10.000 kr ekstra til verdsarvmarkringa i tillegg til 50.000 kr som allereie er løyvd.
2. Midlane vert arbeidd inn i budsjettet under budsjettrevideringa.
Handsaming i Formannskapet 24.04.06:
Ordførar Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:
1. Som innstillinga.
2. Norddal kommune dekkjer aller kostnader i tilknyting til transport av eigne skuleborn til og frå hovudarrangementet i Geiranger 12. juni.
3. Som innstillinga pkt. 2.
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag om eit nytt pkt. 3:
Midlane vert å ta frå disposisjonsfond.
Det vart røysta
punktvis:
Pkt. 1: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2: Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Pkt. 3: 1 røysta for Signe Brenna sitt forslag
5 røysta for innstillinga
1. Norddal kommune yter 10.000 kr ekstra til verdsarvmarkringa i tillegg til 50.000 kr som allereie er løyvd.
2. Norddal kommune dekkjer aller kostnader i tilknyting til transport av eigne skuleborn til og frå hovudarrangementet i Geiranger 12. juni.
3. Midlane vert arbeidd inn i budsjettet under budsjettrevideringa.
Norddal kommune vedtok før nyttår å sette av 50.000 kr til verdsarvmarkeringa som skal vere i juni. Verdsarvprosjektet søkjer no om ytterlegare 10.000 kr for å få finansiering på alle planane som ligg føre.
Prosjektleiar Katrin Blomvik skriv i brevet det skal vere lokale arrangement i dei ulike bygdelaga samt ei hovudmarkering i Geiranger 12. juni. Der vil Dronning Sonja, Miljøvernminister og UNESCO-representant også vere til stades. Norddal og Stranda er saman med Møre og Romsdal Fylke sentrale vertar for denne viktige markeringa.
Ein ønskjer å sette av 100.000 kroner til lokale arrangement i helge 9-11.juni. Det vert arbeidd godt og kreativt i dei involverte bygdelaga, og eit konkret programoppsettet nærmar seg. Alle arrangementa skal marknadsførast under eitt.
Det er laga eit revidert budsjett og ein finansieringsplan som viser korleis midlane er tenkt fordelt.
I tillegg ønskjer ein å invitere skuleborn til Geiranger på hovudmarkeringa 12. juni. Kommunen må organisere og koste transport sjølv. Programkomiteen arbeider med å lage eit ”opplegg” for skuleborna når dei kjem til Geiranger før hovudprogrammet startar. Skulane må syte for å ha med nok vaksne (lærarar/foreldre).
Det ligg an til å bli ei flott markering av verdsarvstatusen for området. Norddal kommune har tidlegare signalisert positiv haldning til arrangementet, og ein bør finne rom for å auke potten til 60.000 kr. Midlane blir å arbeide inn i budsjettet under budsjettrevideringa.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|