|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 151
Saksmappe: 05/00467-21
Sakshandsamar: Helge Svensvik Dato: 16.01.2006 |
Årsbudsjettet 2006 -
balansering etter vedtak i kommunestyret.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
23.01.06 |
Utsendte saksdokument:
Framlegg til balansering
Ikkje utsendte
saksdokument:
Budsjettvedtak i kommunestyret desember 2005.
Vedteke balanseringsbeløp blir innarbeidd i årsbudsjettet 2006 i samsvar med vedlagte oppstilling dagsett 16. jan 2006.
Vedteke balanseringsbeløp blir innarbeidd i årsbudsjettet 2006 i samsvar med vedlagte oppstilling dagsett 16. jan 2006.
I samband med økonomiplan-arbeidet vedtok kommunestyret at ein oppstått differanse mellom samla løyving og budsjettframlegg på 750 000 kr, skulle trekkjast ut ifrå hovudansvaret 2. Beløpet vart fordelt med 100 000 i redusert løyving til kyrkja, 650 000 kr vart fordelt til undervisningsdelen av hovudansvaret.
Overføringa til kyrkja vart redusert ved registrering av budsjett-tala. Dei resterande 650 000 kr vart fordelte i eit møte mellom aktuelle verksemdsleiarar og rådmannskontoret.
Det vart då lagt til grunn:
a)Statstilskotet til barnehagane måtte reknast ut på nytt grunna endringar seint på året
b)Skulane la fram konkrete framlegg til reduksjonar i drifta
c)Valldal skule fekk to år på seg til å leggje om drifta grunna kjent årsinndeling.
Detaljane i denne metodikken går fram av vedlagte taloppstilling.
I løysinga av denne oppgåva, har ein nytta den tabellariske framstillinga i kommunestyret som ei klår retningsline. Sjølve løysinga er imidlertid samansett av konkrete reduksjonar i drifta, auke i inntekter og fordeling over år. Heile området ”undervisning” er sett under eitt eller som ein heilskap.
Dei involverte verksemdene har vorte gjort kjende med framgangsmåten. Det er ikkje kome merknader til sluttoppstillinga.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|