|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: C10
Saksmappe: 07/00022-2
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 12.02.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
24.01.07 |
|
|
007/07 |
Kommunestyret |
07.02.07 |
Utsendte saksdokument:
Utkast til Byggande plan for barn og unge 2007-2010
Ikkje utsendte
saksdokument:
Handsaming i Driftsutvalet 24.01.07:
Utvalet gjekk samrøystes inn for slike endringsforslag til planen:
1. Stimulere skulane til ei større samhandling frå tidlege årssteg. Ekstra løyvingar vert dekt over kulturbudsjettet og prioriterast framføre smøremåltid.
2. Prioritere gode møteplassar.
3. I samband med ungdomsklubbane må det arbeidast for å styrkje vaksen-representasjonen.
4. Tiltaka må kome klarare fram i verksemdsplanen.
Norddal kommune vedtek ”Byggande plan” med dei endringsforslaga som vart vedtekne i møtet.
Handsaming i Kommunestyret 07.02.2007:
Petter Melchior, Sp kom med slike endringsforslag til planen:
Prioritering av tiltaksdelen:
1. prioritet: Utarbeide forpliktande plan for samhandling mellom skulane, skal gjelde frå 1. klasse.
2. prioritet: Vidareutvikle gode møteplassar for ungdom, og leggje arrangement på begge sider av fjorden.
3. prioritet: Styrke vaksenrepresentasjonen på ungdomsklubbane.
Nytt pkt. 2:
Tiltaka må kome klårare fram i verksemdsplanen.
Solveig Linge Stakkestad, Sp kom med forslag om eit slikt nytt pkt. 3:
Rådmannen legg fram sak for driftsutvalet om fordeling av disponible midlar. Dette skal også inkludere midlar som er inntekt frå skjenkeavgifter.
Solveig Linge Stakkestad og Karl Jostein Rødset kom med slikt forslag nytt pkt. 4:
Planen skal rullerast årleg av Driftsutvalet i samråd med Ungdomsrådet.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slik endring/tilføying i Tiltaksdelen for 2007:
- Pkt. 1 vert utvida til å lyde:
Auke fellespott til skyss til også å omfatte t.d kulturnista, og syte for at ei vekslar på m.o.t kva skule dei ulike arrangementa vert lagt til. Dette slik at det ikkje alltid vert dei same elevane som må ta reisebelastninga.
- Endre punktet ”samspel heim – skule” til ”samspel heim – skule – kommune”
Det vart først røysta over Petter Melchior sine endringsforslag:
Samrøystes i samsvar med Petter Melchior sine forslag.
Det vart røysta over Solveig Linge Stakkestad sitt forslag til eit nytt pkt. 3:
Samrøystes i samsvar med Solveig Linge Stakkestad sitt forslag.
Det vart røysta over
fellesforslag frå Solveig Linge Stakkestad, Sp og Karl Jostein Rødset, H sitt
fellesforslag til eit nytt pkt. 4:
Samrøystes i samsvar med fellesforslaget.
Det vart røysta over
Merete Løvoll Rønneberg sine endringsforslag:
Samrøystes i samsvar med Merete Løvoll Rønneberg sine forslag.
Byggjeklossen, som er ei tverrfagleg faggruppe i kommunen, har arbeidd fram utkast til Byggande plan for barn og unge. Denne var oppe til handsaming i mai 2005, og vart då sendt attende for å få betre konkretisering av tiltak etter ei grundig høyring.
Det har vore sendt ut høyringsutkast til eldreråd, ungdomsråd og alle skulane i kommunen. Dalsbygda skule svarte i førre runde, elles har det ikkje kome nye innspel. Eldrerådet sluttar seg til planen.
For å få ungdomsrådet skikkeleg med i prosessen er det hausten 2006 køyrt ein møteserie der ulike emne i planen har vore tema. Innspel som dei har kome med er innarbeidd i planen.
Ny saksopplysning til kommunestyret:
Tiltaksplanen er frå Byggjeklossen si side ikkje meint som ei prioriteringsliste, men ei opplisting av tiltak ein ønskjer å arbeide vidare med.
Når det gjeld gratis smøremåltid så er den oppsette kostnaden berre eit grovt anslag. Av eksterne tilskot er det blitt tildelt midlar til skular som deltek i div. prosjekt som Fysisk aktivitet og måltid, kortreist mat m.m. Her er det snakk om kanskje 10.000 kr. pr år pr. skule. Liabygda har delteke i eit slikt prosjekt. Tafjord skule søkte om å få vere med i same prosjektet for 2 år sidan, men fekk avslag.
Før siste stortingsval var alle politiske partia samde om innføring av eit gratis skulemåltid pr. dag slik det er i dei fleste nabolanda våre. Men når dei skaffa seg skikkeleg oversikt over kva dette ville koste, fekk mange av partia kalde føter. Likevel vil dette truleg bli ei ordning for alle skular snart. Dei fleste norske skular er lite tilpassa dette, så for mange skular vil dette også innebere store investerings-kostnader i tillegg til drifta. Ved Valldal skule er det i gang ordning med smørjemåltid ein gong i månaden, men då må dei stort sett betale det sjølve, kr. 20 pr. gong.
Det er vanskeleg å få planen meir konkret. Vegen blir til medan ein går, og aktuelle prosjekt dukkar opp i løpet av året. Byggjeklossen anbefaler at planen no blir vedteken, og at den årlege rulleringa av tiltaksdelen blir gjort av Driftsutvalet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|