|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 082
Saksmappe: 02/01075-4
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 22.03.2006 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Kommunestyret |
30.03.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Brev med vedlegg frå ordførar Arne Sandnes |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
Når folket får velje, Forsøkene med direkte valg av ordfører som deltakelses- og styringsreform. Marcus Buck, Helge O. Larsen og Tord Willumsen, Kommuneforlaget 2006.
Handsaming i Kommunestyret 30.03.06:
Norddalslista sette fram slikt forslag til vedtak:
Saka vert utsatt og tatt opp i samband med budsjettrevisjonen i neste kommunestyremøte,
jfr. punkt 8 i vedtak i K.sak 71/05.
Røysting:
8 røysta for forslaget frå Norddalslista som fall.
12 røysta imot
Aksjonslista bad om gruppemøte.
Per Jomar Nerli, Al, sette fram slikt forslag til vedtak:
Sidan budsjettmøtet i desember 2005 har ikkje kommunestyret fått nye opplysningar om arbeidsmengde og/eller nye prioriteringar over kva oppgåver ordføraren må gjere og/eller kva som kan gjerast av andre politikarar/administrasjonen.
Kommunestyret ber om at formannskapet (saman med rådmannen) går gjennom dei opplista oppgåvene ordføraren viser til i sitt brev til kommunestyret, og prioriterer kva oppgåver ordføraren skal gjere.
Forslaget vart trekt.
Det vart sett fram slikt forslag frå Solveig Linge Stakkestad, Sp:
Ordførargodtgjersla vert sett til 100 % av rådmannen si løn frå dags dato.
Karl Jostein Rødset sette fram slikt forslag til vedtak:
Vedtaket frå budsjettmøtet i desember 2005 med ei godtgjersle på 80% av rådmannen si løn,
vert oppretthalde.
Røysting:
Det vart røysta over dei to forslaga.
19 røysta for forslaget frå Solveig Linge Stakkestad, Sp.
1 røysta for forslaget frå Karl Jostein Rødset, H.
Ordførargodtgjersla vert sett til 100% av rådmannen si løn frå dags dato.
I samband med handsaminga av årsbudsjettet for 2006, vedtok kommunestyret å redusere ordføraren si godtgjersle frå 100% til 80% av rådmannen si årsløn. Som det går fram av vedlegg i saka, ber ordføraren kommunestyret om å gjere om på vedtaket.
Som kjend, har Norddal kommune direktevald ordførar. Det er nettopp kome ut ein rapport på kommuneforlaget omkring forsøka med direkte val av ordførar i 19 kommunar, og rådmannen har tillate seg å ringe rundt for å høyre om godtgjersla for ordførar i desse kommunane. Av 18 (av i alt 19) kommunar med direktevald ordførar, har 16 ordførarar 100% av rådmannen si løn i godtgjersle, 1 kommune (Bokn, 786 innb.) har 50 % godtgjersle, medan 1 kommune (Hareid, 4.748 innb.) har 80% godtgjersle. Når det gjeld sistnemnde kommune, vart det sagt at ordninga med 80% godtgjersle hang saman med at dei 2 siste ordførarane var svært aktive i fylkespolitikken (Holm, Gjerde), og at det difor var naturleg med redusert godtgjersle. Dette er så blitt vidareført.
Samanlikningar mellom ulike kommunar om storleiken på godtgjersla for ordførar, er vanskeleg. Kommunane er ulike i folketal, geografi/kommunikasjonar, kommunal infrastruktur, politisk engasjement, organisering, tiltaksarbeid, m.m.m., og det som høver og fungerer i ein kommune, treng ikkje gjere det i ein annan. Det er likevel viktig å ha klart for seg at ordførarstillinga ikkje inneber eit ordinært tilsettingstilhøve hos ein arbeidsgjevar, men er eit politisk ombod. Det er difor ikkje snakk om å gje ordføraren løn, men godtgjersle. Kva omfang oppgåvene for ordføraren skal ha, må det difor vere opp til kommunestyret i samråd med ordføraren å avgjere.
Rådmannen meiner at dette er ei klar politisk sak, og vil difor ikkje leggje fram ei administrativ innstilling.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|