NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    D2

Saksmappe:          07/00265-1

Sakshandsamar:   Elisabeth Mansfield

Dato:                      21.03.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Drift av Tafjord Friluftsbad 2007 og evaluering av sesongen 2006  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

019/07

Driftsutvalet

27.03.07

 

Utsendte saksdokument:

Kartskisse i M=1:1000 over Tafjord Friluftsbad og båthamna dagsett 30.09.2004

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.         Opningsperioden for sesongen 2007 skal vere fredag 1. juni - sundag 19. august.           

2.         Opningstida i opningsperioden vert sett som for 2006 til kl. 12.00-18.00 på kvardagar og     kl. 11.00- 18.00 i helgane (laurdag og sundag).

 

3.         Kioskdrifta for 2007 vert i samsvar med avtale om kioskdrift 2005 å tildele til same leigetakar som for 2005. Driftsutvalet gjer vedtak om at administrasjonen får fullmakt til å forhandle fram ein ny avtale om kiosken.

 

4.         Prisane for 2007 vert som i 2006, einskild billett born kr. 30,-, vaksen  kr. 50 og  sesongkort einskildperson kr. 300 samt sesongkort familie kr. 800,-.

 

5.         Driftsutvalet vil overfor Formannskapet tilrå at gjeldane avtale på området kring friluftsbadet ikkje vert utvida. Sett under eitt ser ein det som mest teneleg for området at fri tilgang til sjøen og elva vert sikra på best mogleg måte.

 

6.                              Styringsgruppa for Tafjord Friluftsbad skal straks etter enda sesongen gjere ei evaluering av sesongen. Interesserte aktørar i kommunen skal også ha høve til å bli med på råd og sjå på tiltak for komande sesongen. Dette skal gjelde fram til ny organisering av drifta er vedtatt.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  27.03.2007:

Petter Melchior, Sp kom med slikt forslag om eit nytt pkt. 7:

Tilrettelegging for skilting og parkering i samsvar med kartvedlegg må fullførast før sesongstart.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og Petter Melchior sitt tilleggsforslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 27.03.2007:

1.         Opningsperioden for sesongen 2007 skal vere fredag 1. juni - sundag 19. august.           

2.         Opningstida i opningsperioden vert sett som for 2006 til kl. 12.00-18.00 på kvardagar og     kl. 11.00- 18.00 i helgane (laurdag og sundag).

 

3.         Kioskdrifta for 2007 vert i samsvar med avtale om kioskdrift 2005 å tildele til same leigetakar som for 2005. Driftsutvalet gjer vedtak om at administrasjonen får fullmakt til å forhandle fram ein ny avtale om kiosken.

 

4.         Prisane for 2007 vert som i 2006, einskild billett born kr. 30,-, vaksen  kr. 50 og  sesongkort einskildperson kr. 300 samt sesongkort familie kr. 800,-.

 

5.                  Driftsutvalet vil overfor Formannskapet tilrå at gjeldane avtale på området kring friluftsbadet ikkje vert utvida. Sett under eitt ser ein det som mest teneleg for området at fri tilgang til sjøen og elva vert sikra på best mogleg måte.

6.                  Styringsgruppa for Tafjord Friluftsbad skal straks etter enda sesongen gjere ei evaluering av sesongen. Interesserte aktørar i kommunen skal også ha høve til å bli med på råd og sjå på tiltak for komande sesongen. Dette skal gjelde fram til ny organisering av drifta er vedtatt.

7.         Tilrettelegging for skilting og parkering i samsvar med kartvedlegg må fullførast før sesongstart.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Styringsgruppa for Tafjord friluftsbad har evaluert sesongen for 2006 og diskutert tilrådingar for sesongen 2007.

 

Saksopplysningar:

Den 2. mai 2006 gjorde driftsutvalet vedtak om å opprette ei styringsgruppe for Tafjord Friluftsbad. Gruppa er sett saman av ein representant frå driftsutvalet, ein representant i frå bygdeutvalet i Tafjord, reiselivssjefen og verksemdsleiar. Styringsgruppa kom saman den 15. mars 2007 for å evaluere sesongen 2006 og diskutere evnt. nye grep for sesongen 2007. Rekneskapet for både sesongen 2005 og 2006 vart lagt fram i møte samt skisse over regulert friområde kring Tafjord friluftsbad som nabobedrifta Båthamn Camping Tafjord leiger av Norddal kommune.

Styringsgruppa ser det som viktig at Tafjord friluftsbad held fram med å vere eit tilbod og ikkje noko kommersielt. Billettprisar for sesongen 2007 ser ein ingen grunn for å endre det same gjeld for opningstidene. For sesongen 2006 opna ein for at bedrifter i Tafjord kunne få bruke friluftsbadet til sine gjester før og etter ordinær opningstid. For komande sesong vil styringsgruppa utvide tilbodet for alle bedrifter i kommunen. Ved bruk av friluftsbadet utanom ordinær opningstid må den einskilde bedrift inngå ei kontrakt med kommunen om ansvar og krav kommunen må sette ved slik bruk. Elles er tilbodet for bedrifta gratis.

Kommunen har i dag ikkje moglegheiter til utviding friluftsbadet sitt område. Areal nærast friluftsbadet har kommunen leigd ut til nabobedrifta fram til 01.12.2019 med moglegheit for lenging. For nabobedrifta er det framleis uavklara om dei kan få utvide avtalen. Formannskapet har gitt positive signal om at det kan vere aktuelt at kommunen leiger bort parkeringsområdet vest for bassenget. Før sak om ei evnt. reguleringsendring av området vert gjennomført skal avtale utformast. Styringsgruppa vil tilrå at gjeldane avtale på området kring friluftsbadet skal vere slik den er no. Sett under eitt ser ein det også  som viktig for området her at man kan oppretthalde fri tilgang til sjøen og elva.

Friluftsbadet sine gjester har i alle år nytta eit område som Tafjord kraft eig på sydsida av fylkesvegen. For komande sesong har man i investeringsbudsjettet sett av midlar til å opparbeide området meir fagmessig som ein parkeringsplass. Mellom Norddal kommune og Tafjord kraft vart det i 2005 inngått ein formell avtale om at besøkande til badet har høve til å nytte eit parkeringsområdet på 40m x 28m. Avtalen gjeld i fyrste omgang fram til 31.12.08, men Tafjord Kraft er positiv til lenging av avtalen. Elles ser styringsgruppa at ein får ut i live nokre punkt som går på trivsel inne på badeområdet og som ikkje treng dei store investeringane.

 

Driftsresultat 2001- 2006:

 

2006

2005

2004

2003

2002

2001

 

 

 

 

 

 

 

Løn badevakt innkl. sosiale utg.

215 300

200 500

227 200

239 100

194 300

220 500

Driftsutg. straum, kurs, matriell etc.

117 900

124 000

99 500

135 300

80 000

210 000

Eigen arbeidsinnsats innkl. adm.

96 600

89 300

100 500

90 000

152 200

135 900

DRIFTSUTGIFTER

429 800

413 800

427 200

464 400

426 500

566 400

 

 

 

 

 

 

 

Billettsal

364 100

350 500

318 700

319 100

300 700

249 500

Utleige solsenger, sal av badeutst.

7 800

8 100

 

 

 

 

DRIFTSINNTEKTER

371 900

358 600

318 700

319 100

300 700

249 500

 

 

 

 

 

 

 

Driftsunderskot

57 900

55 200

108 500

145 300

125 800

316 900

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

Styringsgruppa for Tafjord Friluftsbad vil for komande sesong 2007 ikkje gjere vesentlege endringar på drifta. Ein ser at tiltaka som driftsutvalet vedtok i sak 21/05 og i sak 32/06 har fungert tilfredstillande. Tilbodet til bedrifter om å nytte friluftsbadet før og etter ordinær opningstid skal for komande sesong også gjelde for alle bedrifter i kommunen. For aktuelle bedrifter vert det å inngå kontrakt som tek i vare ansvar og plikter ved bruk av friluftsbadet.

Areal regulert til trafikkområde og som no ikkje er leigd bort bør halde fram med å vere til fri bruk for alle gjester på området. 

 

Billettprisane for 2007 vert som i fjor kr. 800 for familiekort, kr. 300 for sesong einskildperson, kr. 50 for vaksen og kr. 30 for born. Etter gjeldane vedtak skal badet halde ope kvar dag i perioden frå og med 1. juni og fram til og med 19. august. Opningstida vert også som i fjor,  kl. 11-18 laurdag og sundag og kl. 12-18 elles i veka.

I samsvar med kontrakt inngått i 2005 med bedrifta Båthamn Camping Tafjord skal aktuell bedrift ha høve til også i år å inngå kontrakt om kioskdrifta.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann