|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: B14
Saksmappe: 07/00150-2
Sakshandsamar: Kjell Rønning Dato: 21.03.2007 |
Undervisningstimetalet i
grunnskulen i Norddal 2007-2008
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
27.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Undervisningstimetalet i grunnskulen for skuleåret 2007/2008 – ønskje frå skulane
Undervisningstimetalet i grunnskulen for skuleåret 2007/2008 – framlegg om tildeling
Ikkje utsendte
saksdokument:
Driftsutvalet vedtek undervisningstimetalet i grunnskulen for skuleåret 2007/2008 slik det ligg føre.
Undervisningstimetalet er det samla lærartimetalet for skuleåret. Rektorane har sendt inn oversikt over klassedeling og skulane sine ønskje om tildeling av lærartimar til klassedeling, gruppedeling/tilpassa undervisning, spesialundervisning med konvertering og kontaktlærarteneste. I tillegg kjem timar til opplæring av framandspråklege. Dei timane blir finansierte av statlege midlar og blir såleis ikkje rekna inn i summen for oppsettet over undervisningstimetalet. Rektorane har sendt inn grunngjevingar for skulane sine ønskje.
Timar til klassedeling og kontaktlærarteneste blir tildelte etter dei reglane som har vore tidlegare, og det er ikkje teke omsyn til at reglane for storleiken på klasser og grupper er mjuka opp.
Klassedelinga komande skuleår er den same som for skuleåret 06/07, bortsett frå at klassen ved Tafjord skule og barnehage fell vekk, og elevane blir overflytta til Valldal skule.
Behovet for timar til gruppedeling og tilpassa undervisning er vurdert for den einskilde skule, og det er teke omsyn til at gruppene skal vere pedagogisk forsvarlege, og at behovet for tilpassa undervisning blir rimeleg dekt.
Tildeling av timar til spesialundervisning er gjort etter uttale og vurdering frå Pedagogisk Psykologisk Teneste.
Det samla undervisningstimetalet i grunnskulen i Norddal
utanom opplæring av framandspråklege er sett til 27 734. Det er 1 227 timar
mindre enn inneverande skuleår. I tillegg blir timetalet til minoritetsspråkleg
undervisning av tilflytta utanlandske elevar redusert med 455 timar.
Den viktigaste grunnen til reduksjonen i undervisningstimetalet er at Tafjord skule og barnehage blir lagt ned. Elevane blir flytta over til Valldal skule.
Dalsbygda skule og barnehage har ønskt å få 3-deling, men dette er ikkje imøtekome. Skulen har likevel fått mange delingstimar, og har også fått ein auke i timetalet frå i fjor.
Eidsdal skule og Valldal skule har også fått ein liten auke.
Framlegget til undervisningstimetal i grunnskulen for skuleåret 2007/2008 skal kunne gje skuleverket i Norddal rom for å drive etter gjeldande lover og forskrifter, og bør også kunne gje høve til å organisere undervisninga på ein pedagogisk tilfredstillande måte.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|