|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 064
Saksmappe: 07/00151-4
Sakshandsamar: Rune Sæther Dato: 20.03.2007 |
Godkjenning av
etableringsavtale med Norddal Elverk
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Vedlegg 1 Etableringsavtale med Norddal Elverk
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet godkjenner etableringsavtalen mellom Norddal kommune og Norddal Elverk.
Formannskapet godkjenner etableringsavtalen mellom Norddal kommune og Norddal Elverk.
Rådmannen visar til K-sak 04/00056-16 Breibandsetablering og Norddal Elverk si rolle, der det vart gjort følgjande vedtak:
1. Kommunestyret godkjenner framlagte forslag til utbygging av breiband kor Norddal elverk AS står for planlegging/prosjektering, utbygging inkl. finansiering og drift. Med drift meinast vedlikehald på sjølve fiberkablane og eventuelt anna utstyr som Norddal elverk sett inn i fibernettet. I kommunale einingar så vil kommunen sjølv stå for drifting av endeutstyret på desse fiberkablane.
Før igangsetting av arbeidet skal Norddal elverk AS legge fram teknisk plan for utbygginga og ein framdriftsplan, desse skal framleggast for formannskapet til godkjenning. Norddal kommune kan benytte avsette midlar i budsjettet til graving av grøfter og legging av rør for trekking av fiberkabel.
Avtalen om etablering av fibernett i Norddal Kommune er no klar for godkjenning av formannskapet. Denne avtalen reguler forholdet mellom Norddal Elverk og Norddal kommune med omsyn korleis Norddal kommune vil kunne bruke fibernettet og korleis Norddal Elverk skal få betaling for etableringa.
Fibernettet er no snart klart til bruk i dei kommunale bygga, og dei største telefonsentralane.
Vurderingar:
Vidare utbygging av områder utan breibands dekning:
Når det gjeld utbygging av breiband i områda Eidsvatn, Dalsbygda og Grønning, er kommunen inne med eit anbod for desse i samarbeid med M&R Fylke og Høykom, og fristen for å levere er 30. mars. Kommune kan få inntil 50% av kostnadane dekt frå Fylket/Høykom, og utbygging skal skje i løpet av 2007.
Norddal Elverk må da i samarbeid
med den valde utbyggjaren leggje fiberkabel fram til dei områda dei har behov
for. Dette vil nødvendigvis ikkje vere fram til telefonsentralane men kan vere
opp til ei mast for sending med trådlaust utstyr.
Utbygging med trådlaust utstyr kan vere eit stort pluss for kommunen med omsyn
til hyttefelta vi har og, som er under planlegging og campingpassane. (Det er
her då snakk om eit trådlausnett til sluttbrukar, og ikkje eit trådlaust
transpostnett)
Kostnadar:
Kommune kan bruke legging av fiberkabel fram til aktuelle punkt som eigenkapital, i forhold til anbodet.
Det er sett av 500000,- på budsjettet for 2007 som skal dekke utbygginga og utstyr som må til for å få utnytta fibernettet i kommunal samanheng. Om beløpet er stort nok, vil vi få greie på etter av kostnaden med utbygginga av dei siste områda er på plass.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|