|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-KSL
Saksmappe: 07/00185-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå
næringsfondet om tilskot til etablering av landskapshotell på Alstad gnr 14 bnr
1
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 150.000,- frå det kommunale næringsfondet.
Handsaming i Næringsfondsstyret 26.03.2007:
Signe Brenna, Nl kom med forslag om å løyve kr. 400.000,-.
Ordføraren kom med forslag om å løyve kr. 300.000,-.
Prøverøysting:
4 røysta for Signe Brenna sitt forslag
2 røysta for ordføraren sitt forslag
0 røysta for innstillinga.
Endeleg avrøysting:
5 røysta for Signe Brenna sitt forslag
1 røysta for ordføraren sitt forslag
Næringsfondsstyret vedtek å løyve eit tilskot på kr 400.000,- frå det kommunale næringsfondet til etablering av landskapshotell på Alstad gnr 14 bnr 1.
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Knut Slinning ynskjer med utgangspunkt i tunområdet på garden og kulturlandskapsverdiane i området å bygge opp ei reiselivsbedrift som skal tilby gjestane eit geoturismebasert kortferie konsept.
Det vert difor søkt om eit tilskot frå næringsfondet på kr 600.000,- til å etablere Gudbrandsjuvet Landskapshotell. Det vert også søkt om finansiering gjennom Innovasjon Norge.
Bakgrunnen er at Knut Slinning i 2005 kjøpte garden Alstad som ligg inn til Gudbrandsjuvet. Det har ikkje vore drift på bruket på mange år. Det har vore eit stort behov for restaurering av både våningshus og driftsbygning. Det same gjeld resten av kulturlandskapet på bruket. Hittil er det meste av arbeidet skjedd for det som gjeld våningshus og driftsbygninga. Med utgangspunkt i desse bygningane ynskjer Knut Slinning no å utvikle eit nytt reiselivskonsept på bruket.
Landskapshotellet består av våningshuset på bruket, driftsbygninga og i første omgang inntil 15 ”hotellrom” som skal byggast som individuelle ”rom” i området rundt tunet. Kvart rom har ei unik utsikt. Romma skal stå på pålar i eit mest mogleg urørt terreng.
Det er gjort svært godt greie for søknaden i vedlagte orientering. Utbygginga vil strekke seg over fleire år og når det er ferdig utbygd, vil det gje ein sysselsettingseffekt i Øvre Valldal på mellom 4 og 5 årsverk
Dette er ein søknad som omfattar mykje nytenking og nyskaping. Dersom prosjektet blir vellukka, vil ein få mange positive ringverknader i bygda og resten av kommunen. Sjølv om det vert søkt om ekstern finasiering i Innovasjon Norge, vil det vere naturleg og riktig at kommunen er med på å løyve midlar til denne satsinga.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|