|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-FJE
Saksmappe: 07/00228-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå Fjellro
Turisthotell AS om stønad frå næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 25.000,- frå det kommunale næringsfondet. Tilskotet skal nyttast til etablering av ein fiskerestaurant. Det vert ikkje tilrådd lån frå næringsfondet.
Handsaming i Næringsfondsstyret 26.03.2007:
Etter skriftleg anmodning frå Fjellro Turisthotell AS vart søknaden trekt.
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Fjellro Turisthotell AS søkjer om tilskot og lån til bedriftsutvikling. Prosjektet er tredelt med oppgradering av overnattingsdelen, bygge ut og utvikle hagen og ein fiskerestaurant.
Oppgradering av overnattingsdelen er kostnadsrekna til kr 408.000,-. Her er det spesielt baderomma det må gjerast noko på grunn av vasskade og andre utbetringar. Når det gjeld hagen, er det planar om å bygge den ut som ein viktig attraksjon for Fjellro. Dette arbeidet er kostnadsrekna til
kr 148.000,-. Fiskerestauranten er kostnadsrekna til kr 167.000,-.
I søknaden er det ikkje lagt fram detaljert kostnadsoverslag, men i tillegg til næringsfondet er det planlagt lån i bank og eigenkapital.
Dette er ein søknad om bedriftsutvikling. Oppgradering av overnattingsdelen kan ikkje reknast som bedriftsutvikling da dette arbeidet må sjåast på som ordinært vedlikehald. Når det gjeld hagen, er dette heller ikkje noko spesielt nytt da det dreier seg om vidareutvikling av hagen som ligg der i dag.
Etablering av ein fiskerestaurant kan sjåast på som ei positiv nyskaping og bedriftsutvikling som ikkje hotellet har i dag eller som ein finn i området. Det vil vere naturleg å nytte midlar av næringsfondet til denne delen av prosjektet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|