NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L12

Saksmappe:          03/00034-2

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      20.03.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

020/06

Det faste utvalet for plansaker

30.03.06

023/06

Det faste utvalet for plansaker

24.04.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Forslag til reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt m.føresegner, dagsett 05.03.05

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Merknad frå Møre og Romsdal fylke

Merknad frå Jan Ove Hareide

Merknad frå Unn Linge Valdal

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Det faste utvalet for plansaker har vurdert privat forslag til reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt, og med heimel i § 30 i plan- og bygningslova vil planutvalet fremme planforslaget som offentleg plansak.

2.      Planutvalet vil fremme saka med desse endringane:

  1. Det vert flateregulert inn areal som privat veg for tilkomstveg frå den nye Åsevegen og til hyttefeltet.
  2. Nytt pkt.6 i § 6 Privat veg i føresegnene:  På området mellom ny Åseveg og tilkomst til feltet kan det takast ut masse til bruk for Åsevegen.
  3. Tillegg til § 2 pkt.1 1.ledd: Maks. gj.sn. gesimshøgde over terreng skal vere 6 meter.
  4. Endring av § 2 pkt.2 slik at hovudtakvinkel skal vere i intervallet 27 til 35 grader.
  5. Nytt pkt.4 i § 9 Fellesbestemmelser:  Før opparbeiding av feltet kan starte, skal det ligge føre godkjente planar for sikringstiltak for snøskred frå området nord for Klovset.  Opparbeiding av sikringstiltak skal skje seinast samstundes med opparbeiding av feltet.

 

3.      Med heimel i § 27-1 i plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til reguleringsplan for Lingåsen i samsvar med plankart og føresegner dagsett 05.03.06, rev.21.03.06.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  30.03.06:

Ordføraren foreslo at saka vart utsett med synfaring på neste møte.

 

Røysting:

6 røysta for ordføraren sitt forslag.

1 røysta for innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


  Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 30.03.06:

Saka vart utsett med synfaring på neste møte.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  24.04.06:

Signe Brenna, Nl, kom med slikt forslag til  vedtak som tillegg til innstillinga:

Nytt pkt. e: Det vert forbod mot gjerding unntatt der sikring er nødvendig mot stup.

Nytt pkt. d: Tomt 1 går ut fordi den ligg midt i setervegen som går mellom Linge og Lingåsen.

 

Røysting:

2 røysta for  Brenna sitt forslag til nytt pkt e som fall.

1 røysta for Brenna sitt forslag til nytt pkt d som fall.

 

Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga.

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 24.04.06:

1.      Det faste utvalet for plansaker har vurdert privat forslag til reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt, og med heimel i § 30 i plan- og bygningslova vil planutvalet fremme planforslaget som offentleg plansak.

2.      Planutvalet vil fremme saka med desse endringane:

  1. Det vert flateregulert inn areal som privat veg for tilkomstveg frå den nye Åsevegen og til hyttefeltet.
  2. Nytt pkt.6 i § 6 Privat veg i føresegnene:  På området mellom ny Åseveg og tilkomst til feltet kan det takast ut masse til bruk for Åsevegen.
  3. Tillegg til § 2 pkt.1 1.ledd: Maks. gj.sn. gesimshøgde over terreng skal vere 6 meter.
  4. Endring av § 2 pkt.2 slik at hovudtakvinkel skal vere i intervallet 27 til 35 grader.
  5. Nytt pkt.4 i § 9 Fellesbestemmelser:  Før opparbeiding av feltet kan starte, skal det ligge føre godkjente planar for sikringstiltak for snøskred frå området nord for Klovset.  Opparbeiding av sikringstiltak skal skje seinast samstundes med opparbeiding av feltet.

 

3.   Med heimel i § 27-1 i plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til reguleringsplan for Lingåsen i samsvar med plankart og føresegner dagsett 05.03.06, rev.21.03.06.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Det ligg føre privat forslag til reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt.

Saksopplysningar:

Planarbeidet har vore kunngjort opppstarta, og det har kome 3 merknader.

 

Merknad 1.  Møre og Romsdal fylke

Ingen merknad

 

Merknad 2.  Jan Ove Hareide

Merknaden gjeld oppretthalding av skogen som grensar til Lingås hyttegrend

 

Merknad 3.  Unn Linge Valdal

Det vert peika på at stien, eller tilkomsten mellom Linge og Lingås må haldast ved lag.

 

Kommentar

Skogen som står på tomtene vil vere innfor byggeområdet, men tre kan ikkje fjernast utan grunneigaren sitt samtykke.

Stisambandet mellom Linge og Lingås vil bli oppretthalde, men med litt omlegging.

 

Planforslag ligg no føre.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Lokalisering og avgrensing av planområdet er i samsvar med arealdelen i kommuneplanen.

Planforslaget omfattar i alt 45 hytter som ligg samla.  Storleik på tomtene varierer.  Utnytting for bebyggelse er gitt ved TU % som er tillatt bruksareal i prosent av tomta sitt areal.  Bruksareal er innvendig flate av bygget uavhengig av etasjetal.  Faktoren må kombinerast med høgde av bygget, og i forslaget er det ikkje sett opp høgde.  Ein har vorte samde om gesimshøgde 6 meter.

Takvinkel er sett til intervallet 22 – 40 grader.  Dette er veldig vidt, og vil gje eit uensarta inntrykk av bygningsgruppene.  Ein har vorte samde om eit intervall på 27 – 35 grader.

 

Vegtilknyting skal skje ved den nye Åsevegen som er under bygging, og til denne er det lagt tilkomst med tilknyting utanfor planområdet.  Ein har lagt inn Åsevegen slik den no vert bygt, og lagt inn mellomliggande areal som privat veg.  Dette er flateregulert med ny, forlenga tilknytingsveg som illustrasjon.  I dette området er det og aktuelt å take ut meir masse enn naudsynt for denne vegen for å dekke opp massebalansen på Åsevegen.  Dette er teke inn i reguleringsføresegnene.

 

Ein har vurdert rasfåre for området.  Det er registrert snøkred med løsneområde frå ein fjellkant nord for Klovset.  Til vanleg stoppar dette opp på ei lita flate nedanfor fjellsida med løsneområde.  2 gongar er det kjent at skredet har gått vidare, og det har og nådd sjøen.  Men det er veldig uklart framstilt kvar fonnafaret har vore og kvar det har treft sjøen.  Men det skal gå slik kvart 40.år, og ligg då innanfor risikoen for 1000-års-skredet.  Ein har drøfta dette med fylkesgeologen.  Ein føreset at det er mogleg å etablere sikringstiltak med fangvoll/ledevoll i området der skredet til vanleg stoppar.  Tiltaket vil vere nær veg, og er i felles utmark ved Klovset.  Dette er teke inn i reguleringsføresegnene.  Det er dette med ras som gjorde at sakshandsaminga har trekt ut.

 

Ut over dette synast planforslaget greitt og vert å legge fram for vidare handsaming.

 

Ved første gangs handsaming var det reist tre spørsmål som ein har arbeidd med.

a.       Masser frå tilkomst frå ny Åseveg

Ein har profilert og masseberkna vegstrekninga.  Vegen i seg sjølv gir eit masseoverskot laus masse på 2 000 m3.  Behovet for Åsevegen var 2 – 3 000 m3.  Skal ein ha 1 000 m3 til, får ein det ved å sprenge 2 meter meir inn i bakken.

b.      Avgrensing av dyrka jord

På plankartet har ein teikna inn avgrensinga av området slik det ligg i kommuneplanen, oge in har teikna inn grense skog/beite mot dyrka jord.  Desse to linjene fell mykje saman.   6 hyttetomter ligg ovanfor desse linjene i tillegg til den øvste vegen.

c.       Omlegging og bruk av setervegen

Ein har teikna inn traséen for eksisterande seterveg på plankartet.  Vegen er lagt om i planen.  Vegen er lagt ut i utskiftinga som veg nr.2 som felles vegrett over eigedoms grunn.  Den er tidlegare lagt om lenger ned i samband med hyttefeltet der.  Det er akseptert omlegging berre tilkomst og gjennomgang er sikra.  Det er det gjennom planen.  Dersom tomt 1 blir flytta noko mot aust, unngår ein setervegen.

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann