|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-THE
Saksmappe: 07/00229-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå The Happy End om
midlar frå Næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 25.000,- frå det kommunale næringsfondet.
Handsaming i Formannskapet 26.03.2007:
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Driftsstøtte blir avslått, men vi ser positivt til ein meir spesifisert søknad.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Signe Brenna sitt forslag.
Driftsstøtte blir avslått, men vi ser positivt til ein meir spesifisert søknad.
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Det vert søkt om kr 100.000,- til vidareføring av The Happy End. Målsettinga med The Happy End er gjennom aktiv marknadsføring, produktutvikling og samarbeid med andre for å skape aktivitet og arbeidsplassar i bygda Norddal. I søknaden vert det opplyst at dei har god kontakt med verdsarvprosjektet. I 2006 fekk organisasjonen kr 25.000,- i tilskot til marknadsføringstiltak. Denne søknaden omfattar midlar til generell drift.
The Happy End har bevist både i og utanfor bygda at målretta arbeid har gitt gode resultat som igjen har tilført bygda og kommunen mykje positivt. Det som ofte er vanskeleg med slike bygdeprosjekt er å halde oppe entusiasmen hos eldsjelene og skape nok inntekter til den ordinære drifta. The Happy End har på mange måtar vore ein inspirator for andre bygdelag i kommunen og dette er ei svert viktig rolle. På grunn av avgrensa med midlar og mange søkjarar, er det vanskeleg å imøtekome søknaden fullt ut slik den er framlagt.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|