|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-Vno
Saksmappe: 07/00230-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå Valldalen.no om
stønad frå næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 50.000,- frå det kommunale næringsfondet.
Næringsfondsstyret vedtek å løyve eit tilskot på kr 50.000,- frå det kommunale næringsfondet til Valldalen.no.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Valldalen.no er ein næringsorganisasjon som ble stifta våren 2006. Februar 2007 hadde dei 60 medlemar i Valldalsbygda. Medlemsmassen er variert og omfattar ulike lag og organisasjonar, yrkesgrupper og bedrifter.
Det vert no søkt om tilskot til prosjektet Turvegen frå fjord til fjell som er eit langsaktig prosjekt.
Denne søknaden omfattar eit forprosjektet der ein skal finne dei beste traseane og foreta ei grovrydding. Andre tiltak kan vere å arrangere diverse prøvemarsjar.
Samla kostnad er kr 450.000,- der kr 200.000,- er midlar gjennom småsamfunnsatsinga, kr 200.000,- er eige arbeid/dugnad og kr 50.000,- er tilskot gjennom næringsfondet
Norddal kommune ser på dette forprosjektet som nyskapande og samlande for heile Valldal. På sikt kan dette prosjektet føre til etablering av fleire arbeidsplassar og ny næringsverksemd.
I samband med utvikling av nye turistopplevingar er dette prosjektet noko nytt og framtidsretta.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|