|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-V
Saksmappe: 07/00209-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå Valldal
Vandrarheim om midlar frå næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek at det ikkje vert løyvd midlar frå næringsfondet til Valldal Vandrarheim.
Næringsfondsstyret vedtek at det ikkje vert løyvd midlar frå næringsfondet til Valldal Vandrarheim.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Valldal Vandrarheim søkjer om tilskot i samband med ombygging til gjennomgangsbustader. Eksisterande hyblar skal ombyggast til 2 leilegheiter. Dei nye leilegheiter vil bli på ca 85 kvm kvar.
Den totale kostnaden for prosjektet er kalkulert til kr 620.000,-. Det vert ikkje søkt om noko konkret beløp, men både tilskot og lån frå det kommunale næringsfondet er aktuelt slik det går fram av søknaden.
Det er i dag eit stort behov for etablering av hus for utleige eller mindre leilegheiter for sal i kommunen. Det er difor positivt at Valldal Vandrarheim set i gang med dette prosjektet. Når det gjeld bruk av næringsfondet til slike prosjekt, er eg meir usikker da tiltaket har relativt liten sysselsettingseffekt og må sjåast meir på som ein del av ei ordinær drift.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|