|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-REM
Saksmappe: 07/00203-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå Remseth Maskin AS
om midlar frå næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 400.000,- frå det kommunale næringsfondet.
Handsaming i Næringsfondsstyret 26.03.2007:
Viktor Valdal, Tl ba om å få vurdert habiliteten – han vart ikkje funnen inhabil i saka.
Magne Almstad, Frp kom med forslag om at det vert løyvd tilskot på kr. 200.000,-. Det er ein intensjon at resterande midlar vert innvilga ved tildeling 2. kvartal. Dersom utbetaling må skje før neste tildeling, har rådmannen fullmakt til å utbetale forskott.
Røysting:
6 røysta for Magne Almstad sitt forslag
0 røysta for innstillinga
Næringsfondsstyret løyver tilskot på kr. 200.000,-. Det er ein intensjon at resterande
kr. 200.000,- vert innvilga ved tildeling 2. kvartal. Dersom utbetaling må skje før neste tildeling, har rådmannen fullmakt til å utbetale forskott.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Remseth Maskin AS søkjer om tilskot frå næringsfondet til oppsetting av verkstadbygg. Bygninga skal ligge i Djupøyna og er kostnadsrekna til ca kr 4,3 mill kr. Det er ikkje lagt ved kostnadsoverslag eller finansieringsplan som syner planlagde utgifter og korleis desse skal finansierast. Dette er ei sak som tidlegare har vore handsama i formannskapet for den delen som gjeld tomtearealet. Remseth Maskin AS søkjer om kr 400.000,- frå det kommunale næringsfondet og at utbetalinga skjer ved byggestart.
Norddal kommune ser det som positivt at ein har kome fram til ein avtale om tomteareal i Djupøyna, og at dette kan gi grunnlag for å utvikle bedrifta vidare. Når det gjeld denne søknaden, kan det også visast til sak i kommunestyret PS 017/07 og pkt. 10 i avtalen mellom Remseth Maskin AS og Norddal kommune.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|