|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-HOE
Saksmappe: 07/00202-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå Hoelsfossen
Elverk AS om midlar frå næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 100.000,- frå det kommunale næringsfondet. Det vert ikkje løyvd rentefritt lån.
Handsaming i Næringsfondsstyret 26.03.2007:
Magne Almstad, Frp kom med forslag om at det vert løyvd kr. 200.000,- i tilskot.
Signe Brenna, Nl kom med forslag om at søknaden vert avslått.
Prøverøysting:
1 røysta for innstillinga
2 røysta for Signe Brenna sitt forslag
3 røysta for Magne Almstad sitt forslag
Endeleg avrøysting:
2 røysta for Signe Brenna sitt forslag
4 røysta for Magne Almstad sitt forslag
Næringsfondsstyret vedtek å løyve eit tilskot på kr 200.000,- frå det kommunale næringsfondet til Hoelsfossen Elverk AS. Det vert ikkje løyvd rentefritt lån.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa
Hoelsfossen Elverk AS er eigd av grunneigarar på Hoel, og byggearbeidet er no godt i gang. Det er gitt løyve til å nytte inntil 20 % av middelvassføringa i vassdraget. I søknaden går det fram at gardsbruka som grenser til Hoelsfossen er små. Kraftverket skal vere med på å gi desse bruka ei inntekt som kan betre levegrunnlaget og sikre busetnaden. Krafteverket er kostnadsrekna til
kr 7.480.000,- der 7 mill kr skal finansierast av lån og kr 480.000,- skal finansierast med eigenkapital. Frå næringsfondet er det søkt om kr 357.500,- i tilskot. Dersom dei ikkje får alt i tilskot, vil dei søke om rentefritt lån for restbeløpet. Det er planlagt å sette kraftverket i drift sommaren 2007.
Det er positivt at grunneigarar går saman for å bygge småkraftverk. Denne utviklinga er med på å gjere straumforsyninga meir stabil og mindre sårbar. Småkraftverk er også eit svært godt miljøalternativ. Det er viktig at kommunen kan vere med på å støtte slike prosjekt sjølv om ei slik utbygging ikkje nødvendigvis vil føre til fleire arbeidsplassar. Ein viktig moment er at slik aktivitet vil tilføre meirinntekt til fleire gardsbruk noko som igjen vil skape optimisme for framtida.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|