NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-Lin

Saksmappe:          07/00210-2

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      19.03.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad frå Linge Gartneri om tilskot frå Næringsfondet  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

046/07

Formannskapet

26.03.07

 

Utsendte saksdokument:

Kopi av søknaden

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Formannskapet vedtek at det ikkje vert gjeve midlar frå det kommunale næringsfondet

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Næringsfondsstyret  26.03.2007:

Signe Brenna, Nl ba om å få vurdert habiliteten – ho vart ikkje funnen inhabil i saka.

 

Signe Brenna, Nl kom med forslag om å løyve eit tilskot på kr. 75.000,-.

 

Røysting:

0 røysta for innstillinga

6 røysta for Signe Brenna sitt forslag

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i Næringsfondsstyret - 26.03.2007:

Næringsfondsstyret vedtek å løyve eit tilskot på kr. 75.000,- frå det kommunale næringsfondet til Linge Gartneri.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

Peder Stakkestad er eigar av Linge Gartneri. Han overtok garden etter foreldra 1. august 2005. Han har sett det som nødvendig å foreta ei modernisering av gartneriet for å vere meir konkurransedyktig

i ein framtidig marknad.

 

Ved å bygge 2 nye plastfoliehus vil arealet bli utvida med 400 kvm og søkjaren kan produsere planter billigare enn tidlegare. Effektiviseringa vil føre til at ein framleis kan nytte same arbeidskrafta som tidlegare. Innovasjon Norge har delteke med kr 289.000,- i tilskot til finansieringa av prosjektet som har ein total kostnad på kr 1.445.917,-. Det vert søkt om eit tilskot frå næringsfondet på kr 101.214.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Norddal kommune ser positivt på ei vidareutvikling av veksthusnæringa. Dette er ei næring som i dag slit med små marginar for lønsemd, og effektivisering av produksjonen er ein måte å løyse dette på.

Næringsavdelinga har vore orientert om byggeprosjektet, og nybygget er kome opp og vil få full produksjon inneverande år.

 

Når det gjeld tilskot gjennom næringsfondet står det i vedtektene pkt. 2. at tilskot frå næringsfondet ”bør heller ikkje løyvast til verksemder som tek mot vesentleg støtte over statsbudsjettet.”

Midlane frå Innovasjon Norge kjem over statsbudsjettet, men det vil alltid vere vanskeleg å vurdere kva som er vesentleg midlar eller ikkje.

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann