|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-SIR
Saksmappe: 07/00206-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå Rempro v/ Stein
Inge Rem om midlar frå næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 125.000,- frå det kommunale næringsfondet.
Handsaming i Næringsfondsstyret 26.03.2007:
Viktor Valdal, Tl kom med forslag om å løyve kr. 200.000,-.
Signe Brenna, Nl kom med forslag om å løyve kr. 400.000,-.
Ordføraren kom med forslag om at vedtaket om ramme på kr. 1,5 mill.kr i PS 32/07 vert oppheva.
Det vart først røysta
over ordføraren sitt forslag:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Prøverøysting:
0 røysta for innstillinga
4 røysta for Viktor Valdal sitt forslag
2 røysta for Signe Brenna sitt forslag
Endeleg avrøysting:
4 røysta for Viktor Valdal sitt forslag
2 røysta for Signe Brenna sitt forslag
Næringsfondsstyret vedtek å løyve eit tilskot på kr 200.000,- frå det kommunale næringsfondet til Rempro.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Rempro v/Stein Inge Rem ble registrert i Brønnøysund 19.06.2004 og er eit enkeltmannsføretak. Selskapet sitt hovedprodukt er ulike tuper fiberarmerte komposittprofilar (vinklar, rør og ”stenger”) til ferdigvareprodusentar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Bedrifta har nyleg flytta inn i nye produksjonslokale i Djupøyna i Valldal og har 3 tilsette fordelt på 2, 5 årsverk. Bedrifta er i vekst og skal tilsette fleire med det første. Stein Inge Rem er leiar og eigar av bedrifta.
I søknaden går det fram at Rempro har eit kapitalbehov i samband med investeringa på litt over 1,9 mill kr. Størstedelen skal finansierast med lån kr 1.255.902 og kommunalt næringsfond kr 475.000,-.
Resten er eigenfinansiering.
Norddal kommune er positive til at det vert etablert ny aktivitet i kommunen som også har eit potensiale til vidare vekst og utvikling. Søkjaren har nyleg flytta inn i nye produksjonslokale.
Det er litt uheldig at det vert søkt om midlar etter at investeringane er gjort, men det er også lenge sidan det har vore løyvd midlar frå næringsfondet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|