NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-SJØ

Saksmappe:          06/00612-4

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      19.03.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad frå Sjøkanten Mat & Vinhus om midlar frå næringsfondet  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

048/07

Formannskapet

26.03.07

 

Utsendte saksdokument:

Kopi av søknaden

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 100.000,- frå det kommunale næringsfondet.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Næringsfondsstyret  26.03.2007:

Signe Brenna, Nl kom med forslag om å utsetje saka.

 

Det vart røysta over utsetjingsforslaget:

1 røysta for Signe Brenna sitt forslag

5 røysta i mot

 

Røysting:

5 røysta for innstillinga

1 røysta i mot

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i Næringsfondsstyret - 26.03.2007:

Næringsfondsstyret vedtek å løyve eit tilskot på kr 100.000,- frå det kommunale næringsfondet til Sjøkanten Mat & Vinhus.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

Marit Homlung er i dag eigar og drivar av Sjøkanten Mat & Vinhus i Eidsdal. Dei siste par åra har det vore arbeidet med sal. Aksjeselskapet E. Heitmann AS har i lengre tid vurdert kjøp. Det er teke utgangspunkt i ein kjøpesum på 1,5 mill kr. Som ein del av dette førebuande arbeidet, vert det no søkt om kr 400.000,- frå det kommunale næringsfondet til å foreta kjøpet. Det er i budsjettet for drifta i 2007 lagt inn 2 deltidsstillingar og sommarhjelp.

 

I søknaden går det fram at kafeen har mange viktige funksjonar i bygda som sosial samlingsplass og leverandør av mat og tenester til arrangement andre stader i bygda. Det er også venta større turisttrafikk i området på grunn av verdsarvstatusen.

 

Kafeen har hatt ei omsetting på ca 1,4 mill kr kvart år. Omsettinga har gått noko ned dei siste åra da noverande eigar vart sjuk. I samband med kjøpet er det ikkje nødvendig med større investeringar for å sette i gang drifta.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Norddal kommune ser det som viktig at vidare drift av Sjøkanten Mat & Vinhus kan halde fram.

Ein kafe i bygda har mange positive sider for dei fastbuande, men det er også viktig at turistane som reiser forbi har ein plass dei kan stoppe for å få seg ein matbit. På denne måten er turistane lenger i bygda, og det er lettare å orientere seg om andre tilbod i lokalmiljøet. Dette kan på sikt også føre til gode inntekter for andre lokale aktørar.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann