|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 8/13
Saksmappe: 06/00838-5
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.03.2007 |
Søknad frå Jordbærstova AS
om midlar til utviklingsprosjekt
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden – ikkje offentleg
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet vedtek eit tilskot på kr 35.000,- frå det kommunale næringsfondet.
Handsaming i Næringsfondsstyret 26.03.2007:
Signe Brenna, Nl kom med forslag om å løyve eit tilskot på kr. 50.000,-.
Røysting:
1 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall
5 røysta for innstillinga
Næringsfondsstyret vedtek å løyve eit tilskot på kr 35.000,- frå det kommunale næringsfondet til Jordbærstova AS.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Det er ønske om å starte opp produksjon av pasteurisert råsaft for bruk i serveringsbedrifta og for sal.
Det er utarbeidd eit kostnadsoverslag som syner samla utgifter på kr 74.310. Utgiftene er fordelt på innkjøp av utstyr på kr 32..560,- og prøveproduksjon på kr 41.750. Det har vore søkt om finansiering i Innovasjon Norge, men søknaden fekk avslag da prosjektet var for lite i omfang for deira ordning. Innovasjon Norge meiner prosjektet er spennande og søknaden bør vurderast i samband med tildeling av kommunalt næringsfond.
Norddal kommune ser positivt på dette prosjektet der lokale råvarer kan bli vidareforedla og nytta på ein positiv måte.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|