NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    611

Saksmappe:          03/00510-10

Sakshandsamar:   Elisabeth Mansfield

Dato:                      14.03.2006

 

Møtebok

                                  

 

Skulekorpsstemne 2006 – rabatterte billetter Tafjord friluftsbad

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

025/06

Driftsutvalet

20.03.06

 

Utsendte saksdokument:

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Søknad datert 20.09.06

 

 


Rådmannen si innstilling:

Søknad frå Valldal skulekorps dagsett 20.09.06 og munnleg hennvending vedk. friluftsbadet vert imøtekommen slik at:

 

1.         Område Sylte hamn kan disponerast den 16. – 18. juni vederlagsfritt mot at Valldal skulekorps  rettar seg etter dei pålegg som teknisk drift har for bruk av området.

 

2.         Stemnedeltakarar vil kunne nytte Tafjord friluftsbad til rabattert pris den. 16. – 18. juni mot å syne fram deltakarbevis.

 

3.         Teknisk drift – FDV skal ha tilført sine budsjett dei ekstra utgifter verksemda vert påført i       samband med bidrag vedk. lokale arrangement.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  20.03.06:

Overskrifta på saka vart endra slik:

Skulekorpsstemne 2006 – rabatterte billetter Tafjord friluftsbad.

 

Rådmann la fram slik endra innstilling i møtet:

Stemnedeltakarar vil kunne nytte Tafjord friluftsbad til rabattert pris den. 16. – 18. juni mot å

syne fram deltakarbevis.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med rådmannen si endra innstilling.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 20.03.06:

Stemnedeltakarar vil kunne nytte Tafjord friluftsbad til rabattert pris den. 16. – 18. juni mot å

syne fram deltakarbevis.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Det ligg føre brev dagsett 20.09.05 frå Valldal Skulekorps om å få disponere området Sylte hamn i samband med skulekorpsstemne 16. – 18. juni i år. Det har seinare også kome munnleg hendvending frå dei om å få kunne gje rabatterte prisar ved Tafjord friluftsbad til stemnedeltakarane.

 

Saksopplysningar:

Området Sylte hamn har årleg blitt nytta av langrennsgruppa til VIL utan at kommunen har tatt leige av dei. Organisasjonar som idrettslag, 4H og skulekorps har kommunen alltid stilt opp for som ein støttespelar. Stort sett er det lite utgifter vi vert påført ekstra gjennom våre bidrag. Olsokarrangementet er nok det som dreg mest på budsjettet til teknisk drift, men alt er relativt. Å få styrka litt det ”grøne” ansvaret i budsjettet hadde også legalisert meir oppgåva med å bidra ved ulike arrangement.   

 

Valldal skulekorps hadde sitt førre stemne her i Valldal i 2000. Ved dette stemnet vart det gitt rabatterte prisar ved Tafjord friluftsbad. Prisane vart sett til 15/30 – dei ordinære prisane var 20/40.

No er prisane 30/50. Med 20/40 har ein gitt ein tilsvarande rabatt som for 2000. I dag har ikkje badet vedtekne rabattordningar, men ein har i alle år hatt ein lik praksis på dette når det gjeld grupper og rabatt. Skuleklassar og grupper med barn og unge løyser ordinær billett mot at dei vaksne i gruppa kjem inn gratis og hjelper til med vakthaldet. For dei i gruppa som ikkje badar vil ein også kome inn gratis. Dette er ei orning alle har vore fornøygd med.

Ved friluftsbadet på Ekornes har dei ingen rabattar, alle betalar vanleg billettpris. Ein kan leige bassenget utanom ordinær opningstid, i fjor var timeprisen for dette 200 kr.

Svømmehallen på Moa kan selje klippekort som medfører at ein vaksen betaler 40 kr mot 55 ordinært, og barn 20 mot 25 ordinært.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Valldal skulekorps sitt arrangement den 16. – 18. juni vil vere eit høve for oss alle å kunne få profilere kommunen ute på ein positiv måte. Ein ser det som naturleg at søknaden vert imøtekomen slik det er søkt

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann