|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: B14
Saksmappe: 06/00209-2
Sakshandsamar: Kjell Rønning Dato: 11.03.2006 |
Undervisningstimetalet i
grunnskulen 2006-2007
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
20.03.06 |
Utsendte saksdokument:
Undervisningstimetalet i grunnskulen for skuleåret 2006/2007 – ønskje frå skulane
Undervisningstimetalet i grunnskulen for skuleåret 2006/2007 - framlegg
Lærartimar pr. elev for skulane i Norddal 2006/2007
Ikkje utsendte
saksdokument:
Utgifter pr. elev og samla for skulane i Norddal
Driftsutvalet vedtek undervisningstimetalet i grunnskulen for skuleåret 2006/2007 slik det ligg føre.
Driftsutvalet vedtek undervisningstimetalet i grunnskulen for skuleåret 2006/2007 slik det ligg føre.
Undervisningstimetalet er det samla lærartimetalet for skuleåret. Rektorane har sendt inn oversikt over klassedeling og skulane sine ønskje om tildeling av lærartimar til klassedeling, gruppedeling/tilpassa undervisning, spesialundervisning med konvertering og kontaktlærarteneste. I tillegg kjem timar til opplæring av framandspråklege. Dei timane blir finansierte av statlege midlar og blir såleis ikkje rekna inn i summen for oppsettet over undervisningstimetalet. Rektorane har sendt inn grunngjevingar for skulane sine ønskje.
Timar til klassedeling og kontaktlærarteneste blir tildelte etter dei reglane som har vore tidlegare, og det er ikkje teke omsyn til at reglane for storleiken på klasser og grupper er mjuka opp.
Klassedelinga komande skuleår er den same som for skuleåret 05/06, men ved Valldal skule har 1. kl. meir enn 18 elevar.
Behovet for timar til gruppedeling og tilpassa undervisning er vurdert for den einskilde skule, og det er teke omsyn til at gruppene skal vere pedagogisk forsvarlege, og at behovet for tilpassa undervisning blir rimeleg dekt.
Behovet for spesialundervisning er i år noko større enn tidlegare år. Tildeling her er gjort etter uttale og vurdering frå Pedagogisk Psykologisk Teneste.
Det samla undervisningstimetalet i grunnskulen i Norddal utanom opplæring av framandspråklege er sett til 28 619. Det er ein auke i høve til inneverande skuleår på 2187 timar. I fjor vart undervisningstalet reelt sett redusert noko frå året før.
Behovet for ein så stor auke har 3 hovudårsaker:
Framlegget til undervisningstimetal i grunnskulen for skuleåret 2006/2007 skal kunne gje skuleverket i Norddal rom for å drive etter gjeldande lover og forskrifter, og bør også kunne gje høve til å organisere undervisninga på ein pedagogisk tilfredstillande måte.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|