NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    X43

Saksmappe:          03/00061-22

Sakshandsamar:   Bente Klakken Osvik

Dato:                      11.01.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Val av medlem og varamedlem til forliksråd og oppnemning av møtefullmektigar  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

002/06

Kommunestyret

24.01.06

 

Utsendte saksdokument:

Brev frå Justis- og politidepartementet datert 21.12.05, vedk. utval av faste møtefullmektigar til forliksråda.

K.sak 56/05: Endring av organiseringa av dei kommunale forliksråda

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Brev frå Sunnmøre politidistrikt datert 11.06.05

Brev frå Justis- og politidepartementet datert 22.07.05, vedk. høyringsforslag til forskrift om organisering av forliksråda

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.                  Pkt. 2 i K.sak 56/06 vert oppheva.

 

2.                  Som medlem i Forliksrådet for Norddal og Stranda vert vald for perioden 01.01.06-01.05.08:

 

Varamedlem:

 

3.         Rådmann får fullmakt til å oppnemne 3 møtefullmektigar til Forliksrådet for Norddal og Stranda for perioden 01.01.06-01.05.08.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  24.01.06:

Valnemnda v/Svein Linge la fram slik tilråding i pkt. 2:

Som medlem i Forliksrådet for Norddal og Stranda vert vald for perioden 01.01.06-01.05.08:

Inge Lilleås, 6214 Norddal

 

Varamedlem i same periode:

Heidi Toreli Sylte, 6210 Valldal

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og med valnemnda si tilråding.

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 24.01.06:

1.      Pkt. 2 i K.sak 56/06 vert oppheva.

 

2.      Som medlem i Forliksrådet for Norddal og Stranda vert vald for perioden 01.01.06-01.05.08: Inge Lilleås, 6214 Norddal.

 

Varamedlem i same perioden: Heidi Toreli Sylte, 6210 Valldal.

 

3.      Rådmann får fullmakt til å oppnemne 3 møtefullmektigar til Forliksrådet for Norddal og Stranda for perioden 01.01.06-01.05.08.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksopplysningar:

I kommunestyremøte 27.10.05 vart det vedtatt at Norddal og Stranda skal etablere felles forliksråd frå 01.01.06. Det vart òg vedtatt at det skal veljast 2 medlemar og 2 varamedlemar frå kvar kommune, og at både kvinner og menn skal vere representerte.  Iflg. § 27 i Domstollova skal forliksråda ha 3 medlemar og like mange varamedlemar. Dersom det vert etablert felles forliksråd mellom to kommunar skal kommunane bli einige om kor mange medlemar og varamedlemar kvar kommune skal ha. Norddal og Stranda vel å fordele medlemane etter storleik på kommunane . Norddal vel difor ein medlem og ein varamedlem. Stranda kommune vel 2 medlemar og 2 varamedlemar. Kommunane har elles vorte einige om at Stranda innehar formannsvervet i 2006 og at Norddal sin medlem vert formann frå 01.01.07.

 

Sekretærfunksjonen er frå årsskiftet overført til staten v/politiet/lensmannsetaten.

 

Valnemnda er beden om å legge fram i møtet forslag på ein medlem og ein varamedlem (kvinner og menn) til forliksrådet.

 

I Forliksrådsforskriften § 3 står det at det ved kvar forliksråd skal vere eit utval av faste møtefullmektigar for forliksrådet. Oppnemning av desse kan delegerast til administrasjonen i kommunane. Norddal og Stranda ønskjer å oppnemne 3 fullmektigar kvar til utvalet.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Valnemnda legg fram forslag til ein  medlem og ein varamedlem til forliksrådet i møtet.

 

Oppnemning møtefullmektigar vert delegert til rådmann.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann