|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 05/00343-2
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 07.03.06 |
Søknad om hytteområde på
Langdal
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
13.03.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Søknad frå Odd Langdal, dagsett 19.04.05 |
|
|
2 |
Kart som syner området |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknad for hytteområde på Langdal og vil stille seg positiv til at det blir fremma reguleringsplan for det omsøkte området.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 13.03.06:
Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga.
Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknad for hytteområde på Langdal og vil stille seg positiv til at det blir fremma reguleringsplan for det omsøkte området.
Det ligg føre søknad frå Odd Langdal som eigar av gnr 15 bnr 1 og 2 om utlegging av eit hytteområde på bnr 1 med om lag 6 hytter.
Eigedomen gnr 15 bnr 1 har tidlegare lege til Uri, men Odd Langdal overtok denne eigedomen i februar 2005. Gardsdrifta er på 15/2.
På den omsøkte parsellen står det ei hytte og den gamle løa som er til nedfalls. Det er litt dyrka jord kring tunet, elles er arealet meir eller mindre skogvokst. Det er etter måten bratt.
I arealdelen til kommuneplanen er området lagt ut som LNF-område med ein stripe for spreidd bustadbygging ned mot riksvegen.
Som jordbruksareal er arealet begrensa. Nærleiken til tunet på 15/2 kan vere det mest avgjerande. Tilkomst til tunet på 15/2 er rett frå riksvegen, mens tilkomst til det omsøkte arealet vil vere med eigen tilkomst. Hytteområdet vil ligge klart skild frå området med gardsdrift. Beitedyr kan skape problem (geit), og gjerding må takast med i vurderinga.
Det har ikkje vore forslag tidlegare til hytteområde på Langdal i kommuneplansamanheng.
Området er litt bratt, men kan vere eigna til hytter.
Det bør kunne fremmast reguleringsplan for området som det er søkt om.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|