NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    486

Saksmappe:          05/00562-6

Sakshandsamar:   Stig Holmstrøm

Dato:                      07.03.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Heime-PC og mobiltelefon - ordføraren  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

022/06

Formannskapet

13.03.06

 

Utsendte saksdokument:

Reglement for tildeling og bruk av mobiltelefon

Reglement for heimearbeid

Avtale mellom Norddal kommune og Arne Sandnes om etablering av hjemmekontor

 

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Formannskapet godkjenner bruk av kommunalt datautstyr for ordførar Arne Sandnes, med oppkopling til kommunen sin terminalserver. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale og evt. godkjenning av bruk av privat utstyr etter nærare avtale om godtgjersle, tilsvarande ordninga ein har for heime-pc.
  2. Ordføraren vert tilstått fri bruk av mobiltelefon i kommunal teneste, og rådmannen får fullmakt til å inngå nærare avtale med ordføraren om tildeling og bruk.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  13.03.06:

Signe Brenna, Nl kom med slikt forlag til eit nytt pkt. 3:

Varaordføraren vert tilstått fri bruk av mobiltelefon i kommunal teneste, og rådmannen får fullmakt til å inngå nærare avtale med varaordføraren om tildeling og bruk.

 

Merete Løvoll Rønneberg ba formannskapet vurdere om ho var inhabil og gjekk frå under handsaminga av habilitetsspørsmålet – no 6 representantar. Svein Linge vart vald som setteordførar. Formannskapet gjekk samrøystes inn for at Merete Løvoll Rønneberg var habil i handsaming av saka og ho tok sete att – no 7 representantar.

 

Det vart røysta punktvis:

Pkt. 1:  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

Pkt. 2:  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

Pkt. 3: 2 røysta for Brenna sitt forslag som fall

            5 røysta i mot

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 13.03.06:

1.      Formannskapet godkjenner bruk av kommunalt datautstyr for ordførar Arne Sandnes, med oppkopling til kommunen sin terminalserver. Rådmannen får fullmakt til å inngå avtale og evt. godkjenning av bruk av privat utstyr etter nærare avtale om godtgjersle, tilsvarande ordninga ein har for heime-pc.

2.      Ordføraren vert tilstått fri bruk av mobiltelefon i kommunal teneste, og rådmannen får fullmakt til å inngå nærare avtale med ordføraren om tildeling og bruk.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksopplysningar:

Noverande ordførar har sidan 03.02.00 hatt avtale med Norddal kommune om heimekontor/heime-pc, jfr. vedlegg. I tillegg har ordføraren hatt avtale om godtgjering for fasttelefon, medan kommunen også har dekt utgiftene til innkjøp og bruk av mobiltelefon, utan at ein kan sjå at det ligg føre eigen avtale om dette.

Ut frå at det no er vedtatt nytt reglement for heimearbeid og for tildeling og bruk av mobiltelefon, er det grunn for å ta opp nye avtalar for godkjenning av formannskapet.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Norddal kommune er inne i ein ekspansiv fase med engasjement i høve ei rekkje tiltak/prosjekt som krev politisk oppfølging og deltaking, langt ut over det ein kan seie er normalsituasjonen for ein liten kommune. Naturleg nok vert ordføraren, som fremste politiske ombod i kommunen, særleg belasta i høve forventa deltaking i alle dei sakene dette gjeld. Her vert nemnd berre nokre slike døme:

·        Nestleiar i Åknes/Tafjord-prosjektet.

·        Medlem i arbeidsgruppe Nasjonal turistveg.

·        Styremedlem DGT.

·        Styremedlem Galleri Tafjord.

·        Nestleiar i det interkommunale Kontaktutvalet for Reinheimen.

·        Leiar i Verdensarvrådet.

·        Representant for 13 kommunar i DA-nettverket (differensiert arbeidsgjevaravgift).

·        Leiar av styringsgruppa for Kommuneprosjektet.

·        Muriparken.

 

I tillegg til ovannemnde kjem krav om deltaking og representasjon i høve ei rekkje oppgåver og aktiv lobbyverksemd i saker som er viktige for kommunen. Generelt gjeld sjølvsagt også at ordføraren bør vere tilgjengeleg for så vel innbyggjarane som administrasjonen, andre politikarar og ”omverda” elles. Sjølv om godtgjersla no er redusert til 80% av rådmannen si løn, er det ingenting som tyder på at behovet for å ha ein tilgjengeleg ordførar vil verte mindre – heller tvert om. Rådmannen meiner difor det er viktig å syte for at kommunen stiller naudsynte hjelpemiddel til disposisjon for ordføraren, slik at han vert mest mogleg

tilgjengeleg, og sjølv har enklast mogleg tilgang for kommunikasjon.

Det vedtatte reglementet for tildeling og bruk av mobiltelefon er sagt skal gjelde for kommunalt tilsette og folkevalde. Rådmannen meiner likevel ordføraren kjem i ei særstilling, og at det difor må gjerast unntak for han m.o.t. godtgjersle.

Reglementet for heimearbeid/heime-pc er meint for tilsette i kommunen, men kan med mindre justeringar tilpassast for ordføraren også.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann