NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    151

Saksmappe:          06/00604-17

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      20.03.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Søknad om kommunalt tilskot til Indre Sunnmøre forsøksring for 2007  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

011/07

Formannskapet

29.01.07

034/07

Formannskapet

26.03.07

052/07

Formannskapet

23.04.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Indre Sunnmøre forsøksring av 27.10.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Ingen

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune løyver eit tilskot til Indre Sunnmøre forsøksring på kr  65.000,- for 2007.

Midlane vert å ta frå næringsfondet.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Næringsfondsstyret  29.01.2007:

Ordføraren kom med forslag om at saka vert utsett.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i Næringsfondsstyret - 29.01.2007:

Saka vert utsett.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Næringsfondsstyret  26.03.2007:

Merete Løvoll Rønneberg, Sp gjekk frå som ugild – no 6 representantar.

 

Fondsstyret gjekk samrøystes inn for å utsette saka til neste møte for å få avklart kva som var avsett i budsjettet.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Næringsfondsstyret - 26.03.2007:

Saka vart utsett.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 


Handsaming i Formannskapet  23.04.2007:

Merete Løvoll Rønneberg gjekk frå som ugild – no 6 representantar.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga, men at løyvinga vert å ta frå konto 6111.1471.

 

Merete Løvoll Rønneberg tok sete att – no 7 representantar.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 23.04.2007:

Norddal kommune løyver eit tilskot til Indre Sunnmøre forsøksring på kr  65.000,- for 2007.

Midlane vert å ta frå konto 6111.1471.

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Indre Sunnmøre forsøksring søkjer kvart år om kommunalt tilskot frå medlemskommunane Stranda, Sykkylven, Skodje, Stordal, Ørskog og Norddal. Tilskotet er ein viktig del av den finansielle sida av drifta.

 

Saksopplysningar:

Forsøksringen blir finansiert av tilskot over jordbruksavtalen (ca 30 % av budsjetterte utgifter) og resten gjennom medlemskontingent og kommunale tilskot. I 2006 var medlemskontingenten

ca kr 1.200,- for kvar av kommunen sine 104 medlemar. Forsøksringen ynskjer at det kommunale tilskotet i 2007 skal vere på same nivå noko som vil føre til eit kommunalt tilskot på kr 124.800,-.

 

Norddal kommune si støtte til forsøksringen var i 2006 på kr 55.000,-. I samband med budsjettarbeidet for 2007 kom administrasjonen med ynskje om at Forsøksringen sitt tilskot frå kommunen vart dobla til kr 110.000,-. Grunngjevinga for dette var eit ynskje om at Forsøksringen vart lokalisert til Fjordhagen.

 

Kommunen og Fjordhagen har også hatt møte med Forsøksringen og Storfjord landbrukstenester der samlokalisering har vore tema. Det er også sendt brev frå Fjordhagen til desse med tilbod om leige av lokale i Fjordhagen. Det har vore ein føresetnad for slik samlokalisering at husleigeutgiftene etter ei flytting ikkje vart større for nokon av partane.

 

 

 

Indre Sunnmøre forsøksring sitt arbeidsområde er omfattande, og dei er ein viktig aktør i det lokale næringslivet. I søknaden er det gjort meir greie for dette.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Norddal kommune har svært mange aktive medlemar i Forsøksringen i høve til folketalet. At kontoret til Forsøksringen ligg i Norddal kommune er viktig og svært positivt for næringslivet.

 

Tilskotet frå Norddal kommune har ikkje vore spesielt høgt når ein ser på medlemstalet. Når ein no ynskjer å auke tilskotet vesentleg, er det først og fremst eit ynskje om at Forsøksringen setter i gang ein prosess med samlokalisering i Fjordhagen sine lokale. Ei slik samlokalisering vil vere med på å skape eit variert og sterkt fagmiljø som heile regionen og kommunen vil ha nytte av. Samlokalisering vil også vere med på å stimulere til nyskaping og næringsutvikling i Norddal kommune.

 

I framtida vil det vere viktig å etablere samlokaliserte og tverrfaglege læringsarenaer som er rasjonelle sett frå brukaren si side. Etableringa og vidareutvikling av Fjordhagen er eit viktig og framtidsretta bidrag i dette arbeidet.

 

Slik Fjordhagen har utvikla seg den siste tida, er dette eit etablert fagmiljø med mange aktørar innan fast etablerte bedrifter, nyetablerarar og prosjektstillingar. Desse aktørane er no lokaliserte til Fjordhagen: Fjordhagen AS, Norddal kommune, næringsavdelinga, Vitafjord AS, Nord-Vest Revisjon AS, Gjerde Maskin AS, Turskreddaren, Valldal Kontor og Data ANS, Møre og Romsdal fylke med kulturlandskapsstilling, interkommunal skogbrukssjef og Buholmen Byggesselskap AS. Nye aktørar vil kome til etter kvart. Spesielt for nyetablerarar er det viktig å kome inn i dette fagmiljøet der ein kan få inspirasjon og hjelp i nyskapingsprosessar.

 

Norddal kommune har no høve til å kome med eit viktig bidrag for å gjere samlokalisering mellom Indre Sunnmøre forsøksring og Fjordhagen mogleg. Det er også viktig at ein legg til rette for at Storfjord landbrukstenester vert samlokalisert til Fjordhagen.

 

Eit vedtak om auke av tilskotet til Indre Sunnmøre forsøksring for 2007 til kr 110.000,- bør skje på vilkår av flytting til Fjordhagen.

………………………………………………………………………..

Nye opplysningar

I budsjettet for næringsavdelinga er det under 1471 Tilskot til næringslivet for 2007 ført opp

kr 345.000,-. (Kr 379.000,- i 2006). Dette har tidlegare dekt tilskot til DGT og Indre Sunnmøre Forsøksring. Det er ikkje gjort vedtak om andre finansieringskjelder. Tilskotet til DGT var i 2006 på kr 324.000,- og Forsøksringen på kr 55.000,- . Avtalen med DGT skal indeksregulerast slik at utgiftene i 2007 blir på kr 340.000,- . Dette er teke med i budsjettnotat frå tidlegare næringssjef. 

Det står da ikkje att midlar til Indre Sunnmøre forsøksring dersom DGT skal få sine midlar.

Næringsfondet kan vere aktuelt, men det som vil vere mest riktig, er å styrke budsjettpost 1471 med

kr 65.000,-. som kan gå som tilskot til Indre Sunnmøre forsøksring. Midlane bør ikkje takast frå næringsfondet.

 

……………………………………………………………………

Rådmannen si innstilling

Norddal kommune løyver eit tilskot til Indre Sunnmøre forsøksring på kr  65.000,- for 2007.

Midlane skal takast frå budsjettpost 1471 som blir tilført midlar frå………………

 

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann