NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    S11

Saksmappe:          05/00234-7

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      07.03.07

 

Møtebok

                                  

Veiberg mikrokraftverk - uttale Søknad om konsesjon

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

020/07

Det faste utvalet for plansaker

13.03.07

023/07

Det faste utvalet for plansaker

26.03.07

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Offentleg høyring av søknad om konsesjon,

brev frå NVE dat. 15.01.07

Brev av 26.01.06 frå NVE – vedtak om konsesjonsplikt

 

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Konsesjonssøknad av 29.11. 2006- Bystøl AS (hefte på 29 sider + vedlegg)

Vedtak om konsesjonsplikt etter vassressurslova, brev frå NVE 12.06.2005

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

 

Norddal kommune finn etter ei samla vurdering å gå inn for søknaden frå Jan Trygve Veiberg  av november 2006 om konsesjon for utbygging av Veiberg Minikraftverk i Eidsdal kan godkjennast etter Vassressurslova på følgjande vilkår:

 

Dei mest synlege delane av kraftanlegget som inntak og kraftstasjonsbygning

skal ha god estetisk utforming.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  13.03.07:

Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:

1.                  Saka vert utsett.

2.                  Planutvalet ber om synfaring, samt ei grundigare orientering frå tiltakshavar og grunneigar før ein handsamar saka.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 13.03.07:

1.                  Saka vert utsett.

2.                  Planutvalet ber om synfaring, samt ei grundigare orientering frå tiltakshavar og grunneigar før ein handsamar saka.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  26.03.07:

Merete Løvoll Rønneberg kom med følgjande framlegg til vedtak:

1.                  Norddal kommune (NK) er positivt innstilt til at søknaden frå Jan Trygve Veiberg av november 2006 om konsesjon for utbygging av Veiberg minikraftverk i Eidsdal, kan godkjennast etter Vassressurslova på dei vilkår som følgjer av punkta nedanfor.

 

2.                  Ein føreset at involverte grunneigarar vert samde om omfanget av utbygginga, og evt. premissar i anleggs- og driftsfasane.

 

3.                  NK merkar seg at rapporten ang. biologisk mangfald er laga på grunnlag av data for ei mindre omfattande utbygging. Ein legg til grunn at ei utbygging i samsvar med dagens konsesjonssøknad, ikkje får større negative konsekvensar for det biologiske mangfaldet enn det som kjem fram i rapporten.

 

4.                  NK legg vekt på at utbygginga skjer i eit mykje brukt friluftsområde, og ein merkar seg at den gamle bygdavegen ”Kleivane” vert noko berørt. NK vil understreke at utbygginga må skje på ein skånsam og miljøvenleg måte, og slik at ein i størst mogleg grad tek vare på dei kvalitetane som finst i området i dag. Det må ikkje brukast anleggsmaskiner som etterlet stygge sår i den gamle bygdevegen for ettertida. Dei mest synlege delane av kraftanlegget, som inntaksdam og kraftstasjonsbygning skal ha ei god estetisk utforming.

 

5.                  Etter anleggsfasen må området i størst mogleg grad tilbakeførast i opphavleg stand. NK ser positivt på at det kan bli gjort utbetringar på den gamle bygdavegen, og er kjent med at delar av denne sig/er i ferd med å gli ut. Ein ynskjer at evt. utbetringar vert gjort på ein slik måte at ein beheld vegen sitt opprinnelege preg.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 26.03.07:

1.                  Norddal kommune (NK) er positivt innstilt til at søknaden frå Jan Trygve Veiberg av november 2006 om konsesjon for utbygging av Veiberg minikraftverk i Eidsdal, kan godkjennast etter Vassressurslova på dei vilkår som følgjer av punkta nedanfor.

 

2.                  Ein føreset at involverte grunneigarar vert samde om omfanget av utbygginga, og evt. premissar i anleggs- og driftsfasane.

 

3.                  NK merkar seg at rapporten ang. biologisk mangfald er laga på grunnlag av data for ei mindre omfattande utbygging. Ein legg til grunn at ei utbygging i samsvar med dagens konsesjonssøknad, ikkje får større negative konsekvensar for det biologiske mangfaldet enn det som kjem fram i rapporten.

 

4.                  NK legg vekt på at utbygginga skjer i eit mykje brukt friluftsområde, og ein merkar seg at den gamle bygdavegen ”Kleivane” vert noko berørt. NK vil understreke at utbygginga må skje på ein skånsam og miljøvenleg måte, og slik at ein i størst mogleg grad tek vare på dei kvalitetane som finst i området i dag. Det må ikkje brukast anleggsmaskiner som etterlet stygge sår i den gamle bygdevegen for ettertida. Dei mest synlege delane av kraftanlegget, som inntaksdam og kraftstasjonsbygning skal ha ei god estetisk utforming.

 

5.                  Etter anleggsfasen må området i størst mogleg grad tilbakeførast i opphavleg stand. NK ser positivt på at det kan bli gjort utbetringar på den gamle bygdavegen, og er kjent med at delar av denne sig/er i ferd med å gli ut. Ein ynskjer at evt. utbetringar vert gjort på ein slik måte at ein beheld vegen sitt opprinnelege preg.

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Jan Trygve Veiberg v/rådgjevande ing. Bystøl AS har søkt om konsesjon etter Vassressurslova for bygging av Veiberg Minikraftverk i Eidsdal; jfr. brev av 15.01.07 frå NVE i sak om offentleg høyring i saka.

 

Uttalen til kommunen i saka om søknaden om konsesjon skal gjerast til NVE som lagar innstilling og vedtak; NVE sitt vedtak kan klagast på innan 3 veker til Olje- og energidepartementet.

 

Søknaden om konsesjon har vore lagt ut til offentleg høyring fram til 14. februar –07.

Søknaden har vore kunngjort av NVE og søknadsdokumentet har vore lagt ut for gjennomsyn på servisetorget i rådhuset og COOP i Eidsdal.

 

Saksopplysningar:

Veiberg Minikraftverk vil nytte eit fall på 220 m i ei sideelv til Eidsdalselva. Veiberg ligg om lag 3 km frå sentrum i Eidsdal. Inntaket er tenkt plassert på kote 400 og maksimal yting i kraftverket vert 0,5 MW som gir ein årleg produksjon på 1,5 GWh. Vatnet skal førast i ei 700 m lang røyrgate som i all hovudsak vert nedgravd. I tilegg er det planlagt å ta inn ein liten bekk aust for inntaket. Det vert laga permanent tilkomst for traktor til inntaket, om lag 150 m.

 

Områdekonsjonær er Norddal Energiverk AS. Det er teke opp tingingar med NE om vilkår for tilkobling av 22 kV-linje frå Veiberg kraftstasjon til lokalt nett. Det er vidare teke opp tingingar om drift av høgspenningsanlegget i kraftstasjonen.

 

Riksvegen gjennom Eidsdal har vedteken status som Nasjonal Turistveg.

I kommuneplanen, arealdelen, ligg prosjektet på område disponert til landbruk, natur- og friluftsområde (LNF).

 

Saksvurdering og konklusjon:

Gjeldande kommuneplan, arealdelen, har område kraftstasjonsanlegget omfemner til LNF-område.

Ein kan ikkje sjå at bygging av denne kraftstasjonen vil skape vanskar for arealbruk i samsvar med gjeldande kommuneplan og heller ikkje i høve til det pågåande arbeidet med rullering av planen.

 

Prosjektet har både fordeler og ulemper.

Fordelane er først og fremst av økonomisk karakter som attåtnæring til gardsdrifta og knytt til ein energiproduksjon på ca 1,5 GWh/år.

Vidare vil kraftstasjonen gje betre reserveforsyning til området, som også omfemner Geiranger, ved utfall av linja frå Tafjord.

 

Anleggsarbeida i samband med utbygginga kan ein forvente går noko til lokale entreprenørar.

Drift av kraftverket kan vere med å sikre arbeidsplassar lokalt i høve energiforsyning.

 

Ulempene vert først og fremst ved at noko av anlegget frå visse stadar vert synleg.

 

Det planlagte tiltaket vil etter; i søknaden utgreia med konsekvens, vere liten/middels negativ for:

-tur- og friluftsliv

-vilt og jakt

-jord- og skogbruk

-reiseliv

-biologisk mangfald

 

Det er ikkje registert faste kulturminner som kjem i kontakt med planlagt utbygging.

Imidlertid vil planlagt trace for røyrgata passere den gamle bygdavegen ”Kleivavegen” som går mellom Veiberg og Kleiva; det er viktig at denne kryssinga skjer på ei så skånsam måte som mogeleg, og at veganlegget blir sett i stand att ved oppattmuring av gråstein (tørrmur) på ein fagleg god måte.

 

Etter ei samla vurdering i saka finn ein å rå til at søknaden om konsesjon etter Vassressurslova § 8 frå Veiberg Minikraftverk kan godkjennast.

Stig Holmstrøm

 

rådmann