|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 1/6
Saksmappe: 06/00494-3
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 06.03.2007 |
Disp. frå kommuneplan,
arealdel - Deling av grunneigedom gnr 1, bnr 6 Unn Linge Valdal
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
13.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad m/følgeskriv frå Unn Linge Valdal dat. 22.06.06
Kartutsnitt som syner aktuelt areal
Ikkje utsendte
saksdokument:
Uttale frå næringssjefen dagsett 02.03.07
Oversiktskart Lingegrenda
Kvittering for nabovarsel
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for eit areal på om lag 2 daa. under Massgarden på Linge, gnr.1, bnr. 6, kan delast frå til to bustadtomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 13.03.07:
Ordføraren kom med forslag om at saka vart utsett.
Røysting:
Utsetjingsforslaget fall mot 1 røyst.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:
1. Det faste utvalet for plansaker vil gå imot å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for areal på ca. 2 daa under Massgarden på Linge, gnr. 1, bnr. 6, for frådeling av to tomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.
2. Bakgrunnen for avslaget er at ei frådeling er i strid med nyleg vedteken landbruksplan og samfunnsplan, - der det heiter at dyrka mark ikkje bør disponerast til føremål som gjer areala ueigna til matproduksjon utan at tungtvegande samfunnsomsyn krev det. Ein finn heller ikkje å kunne dispensere ut frå jordlova.
Røysting:
4 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
3 røysta for innstillinga
1. Det faste utvalet for plansaker vil gå imot å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for areal på ca. 2 daa under Massgarden på Linge, gnr. 1, bnr. 6, for frådeling av to tomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.
2. Bakgrunnen for avslaget er at ei frådeling er i strid med nyleg vedteken landbruksplan og samfunnsplan, - der det heiter at dyrka mark ikkje bør disponerast til føremål som gjer areala ueigna til matproduksjon utan at tungtvegande samfunnsomsyn krev det. Ein finn heller ikkje å kunne dispensere ut frå jordlova.
Søknaden av 22.06.06 gjeld løyve til å dele frå eit areal på om lag 2 daa. for to bustadtomter på Massgarden gnr. 1, bnr. 6 på Linge; jfr. vedlagte kartutsnitt.
I gjeldande kommuneplan arealdelen er området avsett til LNF-område der spreidd busetnad er tillate.
Sjølv om kommuneplanen arealdelen tilseier føremålet det her vert søkt om, må saka likevel ha dispensasjon frå planen då den landbruksfaglege delen av saka skal vere ivareteken.
Næringssjefen har hatt saka til uttale; uttale dagsett 02.03.07:
Omsøkte parsell er på
ca 2 daa og skal nyttast til bustadføremål. Det er plass til 2 bustadtomter i
det aktuelle området dersom høgspentlina vert lagt i kabel. Næringssjefen har
vore på synfaring og vurdert arealet som lite tenleg til landbruksdrift.
Grunnen til dette er at det ligg fjell høgt oppe i dagen.
Eit anna moment som er
svært viktig, er å ta vare på kulturlandskapet ein har i området. Dette gjeld
både produksjonsareal og bygningar. Når det gjeld bygningane på øvresida av
gamlevegen, ligg desse i dag tett inn til vegen, og dei skaper eit
samanhengande og fint miljø.
Etablering av nye
bustader i området må gjerast i samsvar med lokal byggeskikk. Dette må det
takast omsyn til i den vidare planprosessen. Søkjaren har også slike ønske.
For å sikre seg at vidare planlegging og utbygging skjer i høve til lokal byggeskikk, bør dette nemnast spesielt i vedtaket.
Det føreligg ikkje merknader frå naboane.
Plassering av bustadtomter i det aktuelle området vil vere i samsvar med prinsippet i arealdelen av kommuneplanen.
Saka er avklara i høve det landbruksfaglege i uttale av 02.03.07.
Næringssjefen tek spesielt fram kor viktig det er at nye bustadar på Linge verte tilpassa miljøet i samsvar med lokal byggeskikk, noko ein er heilt samd i og som må kome inn som føring i dei konkrete delesakene etter PBL.
Ein rår til etter ei samla vurdering at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i denne saka.
Saka må på vanleg måte etter PBL sendast for uttale med ein månads uttalefrist, før plansaka kan gjerast endeleg vedtak i.
Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|