NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    66/1

Saksmappe:          06/00606-9

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      05.03.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Disp. frå kommuneplan - Deling av grunneigedom gnr 66, bnr 1 Jorunn Fløtre

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

016/07

Det faste utvalet for plansaker

13.03.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Møre og Romsdal fylke, fråsegn dat. 27.02.07

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Oversending for uttale, brev av 01.02.07

Sak 010/07 i Det faste utvalet for plansaker

Oversiktskartutsnitt dagsett 29.08.06

Kartutsnitt, M=1:5000

Søknad (skjema) dat.02.09.06

Gjenpart av nabovarsel (02.09.06)

Gjeldande kommuneplan, arealdelen

Notat frå næringssjef Klokkehaug av 15.01.07

 


Rådmannen si innstilling:

Med heimel i § 7 i Plan- og bygningslova gjev Det faste utvalet for plansaker dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at tomt med eksisterande våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett  02.09.06.

Det er ein føresetnad i saka at resten av bruket skal overtakast av nabobruk/nokon som kan få konsesjon.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  13.03.07:

Merete Løvoll Rønneberg, Sp gjekk frå som ugild – no 6 representantar.

 

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

Det faste utvalet for plansaker vil i dette tilfellet ikkje dispensere frå arealdelen i kommuneplanen til fordel for å dele frå våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Norddal. Planutvalet ønskjer at bruket kan halde fram som eiga driftseining i kombinasjon med anna sysling fordi ein trur at det er dette som i sterkast grad bidreg til å halde oppe folketalet.

 

Røysting:

4 røysta for ordføraren sitt forslag

2 røysta for innstillinga

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 13.03.07:

Det faste utvalet for plansaker vil i dette tilfellet ikkje dispensere frå arealdelen i kommuneplanen til fordel for å dele frå våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Norddal. Planutvalet ønskjer at bruket kan halde fram som eiga driftseining i kombinasjon med anna sysling fordi ein trur at det er dette som i stor sterkast grad bidreg til å halde oppe folketalet.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksgrunnlag:

I møte den 29.01.07 i sak 010/07 gjorde Det faste utvalet for plansaker slikt vedtak:

 

Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at tomt med eksisterande våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett  02.09.06.

Det er ein føresetnad i saka at resten av bruket skal overtakast av nabobruket.

På vanleg måte vart utvalet sitt vedtak sendt til uttale (brev av 01.02.07) der frist for uttale vart sett til 01.03.07.

Det ligg føre fråsegn dagsett 27.02.07 frå Møre og Romsdal fylke.

 

Saksopplysningar:

Møre og Romsdal fylke, fråsegn av 27.02.07.

 

Fylket har ingen spesielle merknader i saka, under føresetnad av at restarealet på eigedomen blir selt til nabobruk/nokon som kan få konsesjon.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Arealbruken er i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen; LNF-område der speidd busetnad er tillate.

Saka har på vanleg måte vore sendt til uttale med ein månads uttalefrist.

Det ligg føre avklaring i høve det landbruksfaglege i saka, der ein føresetnad er at nabobruket gnr. 66/2 overtek bruken unnateke det som er søkt frådelt med påståande våningshus og uthus.

Saka er kurant i høve Plan- og bygningslova (PBL) og ein rår til at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i samsvar med denne søknaden.

 

Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann