|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 4/2
Saksmappe: 06/00699-7
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 05.03.2007 |
Disp. frå kommuneplan -
Deling av grunneigedom gnr 4, bnr 2 Eva og Lars Magnar Muribø
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
13.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Møre og Romsdal fylke, fråsegn dagsett 27.02.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Oversendingsbrev dat. 01.02.07 - uttale
Sak 008/07 i Det faste utvalet for plansaker
Søknad frå Eva og Lars Muribø, dagsett 29.09.06
Kartutsnitt, M=1:2000
Gjenpart av nabovarsel (29.09.06)
Gjeldande kommuneplan, arealdelen
Notat frå næringssjef Klokkehaug av 16.01.07
Med heimel i § 7 i Plan- og bygningslova gjev Det faste utvalet for plansaker dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at eksisterande bustadhus på gnr. 4, bnr. 2 på Muribø i Valldal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 29.09.06.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 13.03.07:
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag om eit nytt pkt 2:
Bakgrunn for vedtaket er tomta si beliggenheit i utkanten av det dyrka arealet og i god avstand frå det eksisterande tunet. Arronderingsmessig ligg det òg til rette for frådeling, slik at ein ikkje kjem i konflikt med drifta av bruket.
Det vart røysta
punktvis:
Pkt.1: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2: Samrøystes i samsvar med Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
Det faste utvalet for plansaker gjorde i møte 29.01.07 i sak 008/07 slikt vedtak:
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at eksisterande bustadhus på gnr. 4, bnr. 2 på Muribø i Valldal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 29.09.06.
I brev av 01.02.07 vart saka oversendt på vanleg måte for uttale;
uttalefrist sett til 01.03.07
Det ligg føre ei fråsegn datert 27.02.07 frå Møre og Romsdal fylke;
jfr. saksvedlegg.
Møre og Romsdal fylke, fråsegn av 27.02.07.
Parsellen ligg i ein utkant av eigedomen, og er allereie bebygd. Det er vurdert som ikkje sansynleg at eigedomen kjem i sjølvstendig drift att.
Fylket har etter ei totalvurdering kome til at dei i dette høve ikkje vil påklage eit eventuelt vedtak om dispensasjon.
Arealbruken er i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen; LNF-område der speidd busetnad er tillate.
Saka er avklara i høve det landbruksfaglege og har på vanleg måte vore til uttale med ein månads uttalefrist.
Eit eksisterande bustadhus som dette er kurant i høve Plan- og bygningslova (PBL) og ein rår til at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i denne saka.
Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|