|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 144 V
Saksmappe: 03/01035-12
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 02.03.06 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
08.03.06 |
Utsendte saksdokument:
Høyringsutkast - Landbruksplan
Ikkje utsendte
saksdokument:
Viltnemnda vil gje slik uttale til forslag til landbruksplan for Norddal:
inntekta til det kommunale viltfondet. (Kr. 60000,-.) takast inn i planen.
Handsaming i Viltnemnda 08.03.06:
Petter Lingaas sette fram slikt forslag til eit nytt pkt. 5:
Norddal kommune har ein vedteken plan for hjorteforvaltning. Denne må det visast til i landbruksplanen.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med rådmannen si innstilling og Lingaas sitt tilleggsforslag.
Viltnemnda vil gje slik uttale til forslag til landbruksplan for Norddal:
inntekta til det kommunale viltfondet. (Kr. 60000,-.) takast inn i planen.
Høyring på landbruksplan i Norddal kommune, datert 07.02.06.
Eg viser til planutkastet med høyringsfrist 15.03.06.
Det er sikkert mykje bra i planutkastet generelt sett, men når det gjeld viltforvaltning er det heller skralt, men i tråd med den status vilt har i kommunen.
Ein skal søkje å peike på ein del i viltsamanheng som burde ha ein langt synlegare plass.
Eg vil sitere første to paragrafane i Viltlova.
§ 1) LOVENS FOREMÅL.
Viltet og viltets
leveområder skal forvaltes slik at naturens produktivitet og artsrikdom
bevares.
Innenfor denne ramme
kan viltproduksjon høstes til gode for landbruksnæring og friluftsliv.
§2) LOVENS VIRKEOMRÅDE.
Med vilt menes i denne
lov alle viltlevende landpattedyr og fugler, amfibier og krypdyr.
Loven gjelder også i
Noregs økonomiske sone.
Det er viltnemnda som er ansvarleg for at intensjonane i siterte §§ vert haldne.
Ingen andre forum i kommunen har slik kompetanse..
Som det ser ut så meiner dei fleste at viltnemnda er synonymt med jakt på fugl og hjortevilt.
Sanninga er at ansvarsområdet er langt større. Ein skulle tru at ansvaret for å søkje å halde på artsmangfaldet i naturen hadde ein sjølvsagt plass i ein landbruksplan.
Eg må minne om at sjølv det minste kryp har sin plass i naturen, saman med alle andre arter.
Dette burde vere ABC i ei kommune som Norddal med delvis Verdsarvstatus og politikarar som meiner å kunne forvalte nasjonalparkar.
Diverre kan ein syne til saker der viltnemnda sitt syn glatt har vorte sett til sides og ein har i andre forum gjort vedtak som inneber direkte uheldige naturinngrep. Slikt og liknande er ikkje tenleg for å halde på artsmangfaldet
På side 15 i planutkastet er næringsavdelinga sine gjeremål opplista, men her er sekretæren for viltnemnda med ansvar for Viltlova i 10% stilling gløymt.
I 2005 vart det i Norddal felt 198 hjort, utrekna kjøtvekt etter gjennomsnittstal vart 12080 kg
Om ein reknar ein kg .pris på kr. 60,00 vert verdien på i alt kr.724800,-.
Til det kommunale viltfondet kom inn inntekter på kr. 60000,-.
Som samanlikning om lag det dobbelte av den verdi skogbruket sto for.
Potensiale for å utvikle tilleggsinntekt til gardbrukarane gjennom jakt på hjort er stor i eit breiare perspektiv. Det kan gjelde både utleige av jakt, kanskje vidareforedling av hjortekjøt.
I 2005 kosta Norddal viltnemnd kurs for to personar i hjorteoppdrett, kanskje kan det kome eit kvart ut av det. Om so vert må kommunen gje støtte og råd så langt det let seg gjere.
På side 27 under Tiltak med bestandsplan er det direkte feil.
Siste linje om samarbeid med prosjekttilsett i Skogeigarforeininga Nord er vel nokså tynnt.
Kommunen har vel vore ein langt meir aktiv premissleverandør i dette arbeidet.
Det er heller ikkje kommunen sitt ansvar å få til bestandsplanar, det er grunneigarane sitt ansvar, kommunen hjelper til om ynskjeleg.
Det oppnemnde landbruksforumet er breitt samansett og i dette burde det og ligge ein viss kunnskap/interesse og for vilt og det som høyrer til.
Når det ikkje er meir i planen som gjeld dette reknar eg med at det er ei klart prioritert vurdering.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|