|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K46 &30
Saksmappe: 06/00201-1
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 02.03.06 |
Justering av kommunal plan
for hjorteforvaltning
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
08.03.06 |
Utsendte saksdokument:
Revidert plan
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Viltnemnda tek den oppdaterte del av planen til etterretning.
Sidan planen vart vedteken er det skjedd ein del endringar.
I planen som viltnemnda vedtok i 2004 er det no ting som er feil og elles ting der planen ikkje er oppdatert.
Det gjeld ikkje minst tal vald, teljande areal, opplysningar som gjeld fallvilt, sett hjort, felte hjort og slaktevekter.
Eg har elles rådd til å auke administrasjonstilskotet i bestandsplanområde frå kr. 20,00 til kr. 30,00.
Skal ein plan vere truverdig er det viktig at alle opplysningar i den er datert opp.
Dei oppdateringar eg har gjort er berre i tal og tabellar og treng ikkje vedtakast.
Derimot har eg rådd til å auke administrasjonstilskotet til vald med bestandsplan med kr. 10,00 det må sjølvsagt viltnemnda vedta, om dei er samd.
Mi grunngjeving for denne auken er at fellingsavgiftene vart auka i 2005 og Viltfondet har rimeleg god økonomi.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|