NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    D1

Saksmappe:          05/00869-3

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      02.03.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Kommunal andel ved rehabilitering av kulturbygg  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

021/06

Driftsutvalet

20.03.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune vil yte inntil 10 % av kostnadane ved rehabilitering av kulturbygg som søkjer statlege midlar med eit maksimums beløp på kr 150.000.

2.      Kvar sak vert å vurdere i eiga politisk sak, og rammene i kulturbudsjettet vil vere avgjerande her.

3.      Norddal kommune yter 150.000 kr til rehabilitering av Røde Kors huset i Eidsdal under føresetnad av tilsegn om kulturbyggmidlar og fullfinansiering.

4.      Midlane vert å ta frå konto 1475.2403. Ein må forvente at midlane vert fordelt over fleire år.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  20.03.06:

Utvalet gjekk samrøystes inn for å stryke punkta 3 og 4, elles i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 20.03.06:

1.   Norddal kommune vil yte inntil 10 % av kostnadane ved rehabilitering av kulturbygg som søkjer statlege midlar med eit maksimums beløp på kr 150.000.

2.      Kvar sak vert å vurdere i eiga politisk sak, og rammene i kulturbudsjettet vil vere avgjerande her.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Det er no sendt av garde ein søknad frå Røde Kors huset i Eidsdal om statlege midlar til lokale kulturbygg. Spørsmålet blir korleis eventuell kommunal andel skal vere ved kulturbyggsøknader om rehabilitering av bygg.

 

Saksopplysningar:

Kommunen har til no dekt 1/3 av kostnadene til spelemiddelsøknadene. Ein har hatt ein årleg pott på 150.000 kr til dette, og sidan det har vore få kostnadskrevjande prosjekt har dette gått rimeleg bra sjølv om nokre lag har venta fleire år på den kommunale utbetalinga. I vedtatt delplan for idrett og fysisk aktivitet er det lagt inn ei muleg avgrensing her som seier at på grunn av stadig dårlegare kommuneøkonomi vil kommunalt bidrag bli vurdert årleg gjennom økonomiplan og budsjett.

 

Kommunen har mange lagseigde hus der både tilstand og bruk varierer veldig. Ein del hus er jamt i bruk og blir godt vedlikehaldne medan andre står utan særleg innhald og tilsyn. Alle bygga har ei historie som fleire har eigarskap til.

 

Det er viktig å drage opp nokre linjer som vert gjeldande i framtida for komande søknader.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Kommunen er heldig og har eit rikt kulturliv på mange område, og det er viktig å halde på engasjementet også i framtida. Samstundes ser ein at samfunnet har endra seg voldsomt, og folk nyttar ikkje grendahusa som møteplassar i den grad dei gjorde tidlegare. Folk er blitt mobile, og forflyttar seg mellom større avstandar. Dermed blir det mindre innhald i husa, og det blir vanskelegare å drifte dei.

 

Kommunen gir årleg 25.000 i kulturmidlar til forsamlingshus der halvparten går til drift og halvparten til investering. Dette er små summar som blir ei symbolsk handsrekning. Når det blir sett i gang større, kostnadskrevjande rehabiliteringsprosjekt vert det behov for andre summar.

 

Kommunen bør, under føresetnad av at kommuneøkonomien tillet det, kunne gå inn og støtte slike prosjekt med inntil 10 % av totalkostnaden med ei maks ramme på 150.000 kr.

 

Når det gjeld Røde Kors huset så bør ein kunne gå inn og yte 150.000 kr til prosjektet under føresetnad av tildeling av kulturbyggmidlar og fullfinansiering. Dei er i gang med eit stort og omfattande prosjekt som vil gjere bygget meir brukarvenleg. Midlane vert ikkje overført før den statlege tildelinga er gjort. Det fungerer på same måte med dei ordinære spelemidlane. Midlane vert å ta frå konto 1475.2403 der dei ordinære spelemidlane også vert tekne frå. Ein må forvente at tildelinga blir fordelt over fleire år.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann