NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K40

Saksmappe:          06/00200-2

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      02.03.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Søknad om tilskot frå viltfondet  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

005/06

Viltnemnda

08.03.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknad datert 19.01.06

Skriv frå kommune datert 27.01.06

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Med heimel i retningsliner for kommunalt viltfond gjer Norddal viltnemnd slikt vedtak.

For utlegg til materiale for gjerde mot hjorteskade får

Mariann Gundersen Døving får eit tilskot på 25% av ein kostnad eks. arbeid på kr, 17484,-                                  i alt kr.4375,- RS.

Midlane vert tekne frå det kommunale viltfondet.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  08.03.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 08.03.06:

Med heimel i retningsliner for kommunalt viltfond gjer Norddal viltnemnd slikt vedtak.

For utlegg til materiale for gjerde mot hjorteskade får

Mariann Gundersen Døving får eit tilskot på 25% av ein kostnad eks. arbeid på kr, 17484,-                                  i alt kr.4375,- RS.

Midlane vert tekne frå det kommunale viltfondet.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Søknad datert 19.01.2006.

 

Saksopplysningar:

Søkjaren sin gard ligg på Døving G.nr.26 i Valldal.

Saman med dei andre bruka på Døving har dei rett på jakt av hjort i vald 26.

Heilt sidan 2000 til og med 2005 har valdet hatt 100% felling, bortsett frå 2003 då fellinga var på 75 % (1 dyr mangla)

 

Som søknaden syner så er det her hegna inn i alt 10 dekar til ein samla kostnad på kr.20984,00. Ein kjem då fram til ein sum per. dekar på kr. 2100,00 RS.

 

I Valldal var det i 2004 i alt 1032 dekar jordbær.

 

Etter retningslinene i viltfondet kan slike tiltak støttast, m.a. står det slik i eit av punkta:

·        Tiltak for å førebyggje skade på jord- og skogbruk valda av hjortevilt.

 

 

Saksvurdering:

Som det går fram av saksopplysningane har vald 26 gjort sitt til for å halde hjortestamma på eit akseptabelt nivå. Sjølv om dette har vore gjort så valdar hjorten stor skade på Døving og hjå andre bærdyrkarar.

Eg registrerar og at mange i Valldal allereie har sett opp gjerder for å halde hjorten vekk.

Viltfondet har til no ikkje gjeve tilskot til slike tiltak, fordi ingen har søkt.

Tiltaket har som nemnt rett på stønad etter retningslinene, her vert det meir snakk om kva prinsipp ein skal legge seg på. Ser ein på det samla areal av jordbær i Valldal og gjer eit reknestykke vert tala enorme.

Om ein brukar ein sum per. dekar eller ein prosentsats av kostnaden  er meir ei  smakssak.

 

Mi vurdering vert at det er rettast å trekkje ut kostnad med arbeid og yte tilskot på innkjøpt materiale til gjerde. Kva prosenttal ein då vel vert meir skjønsmessig.

Eg har enda opp med eit tilskot på 25 % av kostnad – arbeid.

 

Det må og vere rett å nemne at eit eventuelt tilskot til denne søkjaren, ikkje kan ha som prinsipp ei attendeverkande kraft for dei som allereie har sett opp slike gjerder.

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann