NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K40

Saksmappe:          05/00103-5

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      02.03.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad om endra avskytingsavtale for vald 54  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

004/06

Viltnemnda

08.03.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknad datert 18.01.06

Kskrib frå kommunen datert 23.01.06

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Viltnemnda syner til fellingsresultatet for vald 54 i 2005.

Ein kan ikkje av dette sjå at det er felt for lite hodyr sett i høve til andre dyregrupper.

For uttak av ”skrapedyr” viser ein til Kommunal plan for hjorteforvaltning side 4 punkt 5.

Viltnemnda finn ikkje å kunne endre avskytingsplanen sin ordlyd etter berre eit år.

Søknaden vert difor å avslå.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  08.03.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 08.03.06:

Viltnemnda syner til fellingsresultatet for vald 54 i 2005.

Ein kan ikkje av dette sjå at det er felt for lite hodyr sett i høve til andre dyregrupper.

For uttak av ”skrapedyr” viser ein til Kommunal plan for hjorteforvaltning side 4 punkt 5.

Viltnemnda finn ikkje å kunne endre avskytingsplanen sin ordlyd etter berre eit år.

Søknaden vert difor å avslå.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Søknad frå vald 54, datert 18.01.06.

 

Saksopplysningar:

Vald 54 Eidsdal fekk i viltnemndssak 08/05 godkjent bestandsplan med avskytingsavtale,

presis slik som søknaden låg føre.

Vald 54 har eit teljande areal på 46636 dekar I valdet er det 16 jaktfelt.

Etter vedteken plan kan valdet i 3-årsbolken ta ut 240 dyr, eller 80 dyr kvart av åra.

 

Tabellen syner tildeling, felling og rest for 2005. Dei ”løyvde” dyr kan overførast til 2006.

 

Type dyr

1 ½ år hodyr.

E. kolle

Spissbukk

E. bukk

Kalv

Tildeling 05.

20

12

12

12

24

Felling 05.

16

12

8

7

15

Rest overf. 06

4

0

4

5

9

 

Fellingsprosenten for valdet vart 73%.  Mellom jaktfelta skil det ein del, lavast felling var på 17 % i eit jaktfelt, men heile 7 hadde felling på 100%.

 

Gjennomsnitts slaktevekt for 1 ½ års hodyr var i 2005 i vald 54  52,36 kg., for eldre koller tilsvarande 62,20 kg.

For kommunen er tala i 2005 slik: 1 ½ års koller  51,68 kg    eldre koller 64,14 kg.

 

Av dei 28 1 ½ års koller som det vart rapportert vekt på i 2005 var 8 av desse over 55 kg.

4 av dei 48  eldre kollene som var rapportert vekt på var under 55 kg.

Dette er på grunnlag av samla tal frå kommunen.

 

Når det gjeld tal for sett kalv per. kolle er tala slik: Vald 54,  0,64       Kommunen  0,60

Tal for kolle per. bukk slik:                                          Vald 54  1,46              Kommunen  1,52

Sett hjort per. jegerdagsverk:                                      Vald 54  3,48              Kommunen  1,54

 

 

Saksvurdering:

Når ein i eit kvart bestandsplanområde ser at planen ikkje er god nok på eit eller fleire felt  er det prisverdig å ta slike ting opp for eventuell justering.

 

Vald 54 er eit godt vald, det viser tala både for felling generelt, sett hjort per. jegerdagsverk og ikkje minst kalveproduksjon.

 

Det er i dette valdet som i mange andre vald i kommunen relativt enkelt å jakte på hjort.

Stort sett er det postering på innmark og felling av dyra der.

 

Eg stiller meg likevel undrande til søknaden om å endre avskytingsavtalen.

Etter tabellen ser ein at alle eldre hodyr, som er dei lettast å jakte på, er felt, men det manglar 4 stk. 1 ½ års koller.

Når det gjeld hanndyr er restansen på heile 9, same tal for kalv.

Det må vel vere langt rettare å søkje å felle fleire dyr i desse gruppene for ei balansert avskyting.

 

I søknaden vert det peika på at mange jegerar hadde vanskar med å få felt 1 ½ års kollene og mange let vere å skyte desse dyra fordi dei var usikre på om det var rett sort.

Det er likevel sikkert at langt fleire enn desse ikkje felte hanndyr og kalv  når restansen er på i alt 18 dyr.

 

Å tru at ein i jakta skal kunne ta ut dyr som ikkje har vore eller kan vert drektige vert ein for enkel konklusjon. Ei kolle utan kalv kan ha hatt kalv, men mist den av ulike årsaker, og truleg vert same kolla drektig når hausten kjem.

 

At fylkesmannen veit om andre ordlydar i ein avskytingsavtale er vel ikkje nytt i seg sjølv. Det er mange ulike modellar å bruke til dette.

 

Når det gjeld felling av ”skrapedyr” så stiller eg meg heilt uforståande til at dei skal verte verna av planen.

I 2004 vart det vedteke ein kommunal plan for hjorteforvaltning. Planen låg ute til offentleg ettersyn og vart handsama av viltnemnda to gonger, siste gong 24.11.2004.

På side 4 i denne planen under kapittelet AVVIK FRÅ GODKJENT BESTANDSPLAN i punkt 5 står det slik:

5        Kommunen kan nedgradere eldre dyr når det er klart at dei er mindreverdige i høve til gjennomsnittsvekt for årsklassen. Eit eldre dyr er mindreverdig når det veg mindre enn gjennomsnittsvekta av 1 ½ åring av same kjønn.

           1 ½ åringar klassast ned til kalv når dei veg mindre enn gjennomsnittet for kalv + 25%

           Utgangspunkt for vekter er slakteveksskjema i kommunen.

 

Viltnemnda har her lagt til rette nettopp for å felle dyr som er mindreverdige.

 

Eg har lita tru på at ein feller ”skrapedyr” for at den andre skal få felle dei fine dyra.

 

Det vert opp til kvart vald med bestandsplan på kva måte dei vil stimulere til slik felling.

Utan ei form for premiering har eg lita tru på at mange ”skrapedyr” dett for jegerane.

Her må ein bruke fantasi og kreativitet.

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann