|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12 &18
Saksmappe: 07/00176-2
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 28.02.2007 |
Dispensasjon frå bygge- og
deleforbod på Murigrandane
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
13.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad frå Valldal Auto-Maskin dat. 16.02.07
Kart som syner påtenkt utviding av bensinstasjonsbutikk m/lager
Ikkje utsendte
saksdokument:
Kvittering for nabovarsel
Teikningar av tilbygget
Sak 26/06, møte 24.04.06, vedtak om bygge- og deleforbod på Murigrandane
Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknaden frå Valldal Auto-Maskin av 16.02.07 om dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane, men finn ikkje på noverande tidspunkt å kunne gje dispensasjon.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 13.03.07:
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
1. Valldal Auto-Maskin får dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane til opprusting og tilbygg.
2. Kommunen set krav til estetisk utforming, og løyver opp til kr. 30.000,- for at bygget skal passe inn i visjon ”Muriparken”.
3. Tilskotet til arbeidet vert å ta frå næringsfondet.
Det vart røysta
punktvis:
Pkt. 1:
3 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall
4 røysta for innstillinga.
Pkt. 2:
2 røysta for Signe Brenna sitt forslag
5 røysta i mot
Pkt. 3:
Fell bort.
Signe Brenna, Nl fremma forslag om mindretalsanke til kommunestyret.
Røysting:
3 røysta for å anke saka inn for kommunestyret
4 røysta i mot
Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknaden frå Valldal Auto-Maskin av 16.02.07 om dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane, men finn ikkje på noverande tidspunkt å kunne gje dispensasjon.
Det ligg føre brev dat. 16.02.07 frå Valldal Auto-Maskin med søknad om dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane.
Grunnlaget for søknaden ligg i planane om oppføring av eit tilbygg mot aust til eksisterande bensinstasjons- og verkstadbygg på eigedomen (gnr. 4/61), tilbygget har ein storleik på om lag 85 m2.
Planlagt bruk for det nye tilbygget er bensinstasjonsbutikk, kundetoalett og lager, og er skissert i same byggestil i mur og flatt tak som eksisterande bygning, men er berre planlagt i ein etasje.
Det faste utvalet for plansaker har i møte 24.04.06 i sak 26/06 vedtatt å legge ned bygge- og deleforbod for reguleringsområde Murigrandane med heimel i § 33 i plan- og bygningslova.
Valldal Auto-Maskin fekk i sak 059/06 (møte 16.10.06) i Det faste utvalet for plansaker dispensasjon frå bygge- og deleforbodet for eit sjølv-vaskeanlegg vest for eksisterande bygning.
Det er starta opp og godt i gang arbeidet med ny reguleringsplan for området Murigrandane.
Reguleringsplanarbeidet for Murigrandane kan ein sjå føre seg vil strekke seg ut enno noko i tid.
Det tidlegast det er forventa vedtak i reguleringsplanen er i løpet av første halvår 2007.
Beredskap i høve flodbølgja (Åknes/Hegguraksla) er som kjent ein nøkkelfaktor i høve gjennomføring av plan/tiltak på området.
Det konkrete forslag til utbygging av eksisterande bensinstasjons- og verkstadbygning på gnr. 4/61, ser ein på som eit konkret innspel i pågåande reguleringsprosess for området, og føreset at dette vert teke inn i denne.
Utifrå ei samla vurdering på dei moment som ligg føre i saka, finn ein vanskar med å innstille på at det kan gjevast dispensasjon frå det vedtekne bygge- og deleforbod på Murigrandane.
Ein må merke at det synest ikkje å ligge føringar i dei føreliggande skisser om at dei estetiske forholda på eigedomen er planlagt endra i nær framtid.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|