Skular og barnehagar

Skular og barnehagar

Status i Fjord kommune i forhold til nye koronatiltak frå regjeringa, gjeldande frå 4. januar

Kommuneoverlegane i Fjord, Sykkylven og Stranda oppmodar om bruk av munnbind, ved bruk av offentleg transport / skuleskyss

Barnehagane: Som før – gult nivå

Barneskule/SFO: Som før – gult nivå

Ungdomsskule: nytt - raudt nivå, som betyr ei strengare organisering av skulekvardagen enn ved gult nivå

Ettersom det er skilnad i skuleskyssordningane ved dei tre skulane i kommunen, har ein valt ei lokalt tilpassa skuledrift

  • Valldal skule: 8,9. og 10. kl. skal ha heimeundervisning fom. 5. tom 8. januar. Dette med bakgrunn i uavklart nasjonal/lokal smittesituasjon og lite plass på skulebussen. Ytterlegare informasjon, om heimeskulen, vil de finne på Itslearning i løpet av dagen. Dersom de har spørsmål ta direkte kontakt med rektor eller kontaktlærar
  • Ved Stordal skule: Ordinær undervisning ved skulen – men med tiltak tilpassa raudt nivå
  • Eidsdal skule: Ordinær undervisning ved skulen- men med tiltak tilpassa raudt nivå

Kulturskulen: Startar opp som planlagt. Dei fleste elevane er elevar i barneskulen og vil då vere på «gult nivå». Der det er aktuelt vil det bli gitt tilbod om digital undervisning.